Medlemsinfo
Publisert 07.02.2016 21:09
Oppdatert 11.06.2020 19:14
​​​​​​​​​​​

Haukeli

Jeger og Fiskarforeining


 Årsmøtet 2020 på Vinjehuset fredag 28 februar kl 18.00. Trekning av av NJFF krus blandt dei oppmøtte. Viktig sak er salg av Mannevassbu.

Til medlemane, januar 2020

 

Medlemskortet gjeld som fiskekort, derfor må du alltid bera det på deg.

 

E – post: haukelijff@nenett.no

​​Haukli JFF- konto nr  26303471927.

Du kan støtte oss med grasrotandelen i tipping.

Organissasjosnr. 922305102

 


 

 

Sjå fiskekartet til Haukeli JFF før du fiskar.

 


 


 

 

Fiske med stang.(Sjå fiskekartet til Haukeli JFF)

Med medlemskontigenten har du betalt for stangfiske.

Jakt og fiskekartet til medlemane i Haukeli JFF er dela opp i 2 område.

Område 1: her kan du fiske overalt, men i Ståvatn og Kjelavatn er det berre etter skravera linje + +

Område 2: her kan du fiske i alle tjønnane, men i Ståvatn og Kjelavatn er det berre etter skravera linje + +


 

 

 ​​​​​​​​​Garnfiske.(Sjå fiskekartet til Haukeli JFF)

Med medlemskontigenten har du betalt for garnfiske

Kvar medlem kan fiske med opptil 5 garn. Det må berre brukast garndubbar som du får tak i hjå leier av fiskegruppa som er Edvin Hovden.mobilnr. 97501292.

Område 1: I Ståvatn og Kjelavatn etter skravera linje + +

Område 2:  Ståvatn og Kjelavatn etter linje med + +

Minste garnstørrelse er 20 omf ( 31 mm )  

 

Dei som vil fiske med garn i Ståvatn og i Kjelavatn må innom Haukeliseter Fjellstue for å hente nøkkel til båten, for å få nøkkelen må du vise medlemskortet ditt. Du kan også ta kontakt med Edvin Hovden i Åmot på tlf. 97501292, E-post: edvin-ho@online.no .

 

Båtane

Foreininga har 3 båtar som medlemane kan bruke. 2 stk. i Ståvatn og 1 stk. i Kjelavatn. Båten i Kjelavatn er parkera på ein båthengar nede ved vatnet.

 

Det er laga båtutsett til Kjelavatn, slik at no kan me køyre heilt nedi vatnet med båten på støypt plate. Nedkøyringa til dette båtutsettet kjem du til ved å køyre inn ved tidlegare Haukeliseter Hall.

 

 Hytta står klare for bruk. Kjelabu er for medlem og ikkje medlem. Hytta leigast ut av leiar i hytteutvalet Kåre Hovden Mob. 99726270 eller e-post haukelijff@nenett.no

Hytteleige Kjelabu: medlemar  kr. 300 pr. døgn ,-Ikkje medlemar kr. 600. Dette er leige for hytta, ikkje pr. person.

Mannevassbu er solgt til ny eigar av austre Havradalen.

 

Fangstrapport skal sendast/leverast inn til Kåre Hovden,  Flotarvegen 3, 3890 Vinje, eller haukelijff@nenett.no, etter avslutta fiske, seinast 1. november.

 

Fiskekurs for damer frå 16 år 20.juni kl 19 - 21, påmelding seinast 19.juni, mob.99726270.

 

Fiskedag for barn og unge i Grytestøyltjønni laurdag 22.juni kl.15 – 17. Gratis og me spanderar mat, drikke og fine premiar til alle.

 

Fiskekonkurranse i Grytestøyltjønni laurdag 29.juni. Fiskestart kl.12.

 

 

 Ver så greie å ikkje bruke kjeft på betjeninga på Haukeliseter Fjellstue dersom det med båtnykkel ikkje fungerar heilt, ta kontakt med Kåre Hovden tlf. 99726270.

 

 Heimesida vår finner du på http://www.njff.no under Fylkes-/lokallag. Under Medlemsinfo ligger det faner for kart og skjema for fiskerapport.

 

 

God Sommer og skitt fiske

 

​Med Helsing

Kåre Hovden

leiar


- Annonse -
Fjellveterinæren
INatur
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.