Oppstart igjen av Nissedal Jeger- og Fiskarlag
HR
Publisert 01.05.2018 10:47
Oppdatert 01.05.2018 10:48
Oppstart igjen av Nissedal Jeger- og Fiskarlag

​​​

​​​Det er ei glede og kunne seie at Nissedal Jeger- og Fiskarlag er i full gang igjen. Gunvald vart kontakta frå Fylkeslaget angåande om han kunne tenkje seg å få fart på lokallaget igjen. Dette var noko han heldigvis kunne tenkje seg, og det vart avholdt årsmøte på Mila aktivitetssenter 17. april. Frammøte her var over all forventning og eit styre vart etablera.

30.04 hadde me årets fyrste styremøte. Me snakka om ulike sakar frå årsmøte, pluss ulike andre saker som kom opp på styremøte.

Hovedfokuset nå vil vera å få flest mogleg til å engasjere seg og føle seg inkludera i Nissedal Jeger- og Fiskarlag. Satsingsområda ​vil vera oppstart og planlegging av leirduebane, etablering av ungdomsgruppe, flugefiskekurs, film/foredrags kveld, kurs kniv/øksesliping, fellefangstkurs, stand på Nissedalsdagen.

Me vil prøve å halde denne sida mest mogleg oppdatera med aktivitetskalender og andre nyhetar. Det vil også bli lagt ut linkar på facebook, så flest mogleg får det med seg.​

- Annonse -
Familiemedlemskap
Jakthundboka
Jakthundforsikring
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.