Fiskeforvaltning
Publisert 07.02.2016 21:24
Oppdatert 07.03.2016 13:15
Fiskeforvaltning er eit viktig arbeid for å auke storleiken på fisken, levevilkåra og ikkje minst gleda av gode fiskeopplevelsar for fjellbrukaren.

​På Linken under kan du sjå vatnkvaliteten på Lifjell og Telemark forøvrig. 

Kopi av Vannprøver TE 2014.xls

 

Notfiske

Laget driv notfiske for å tynne ut bestanden i vatna. Tynningsfiske er blitt eit samarbeidsprosjekt med NJFF Telemark.

Stein Uleberg frå Etne vart hyra inn som notfiskeinstruktør. To dagar med kursing av medlemmene på Lifjell rett etter isgang. Nota er type landnot som kan betjenast av tre-fire mann. Nota er 50 meter lang, 5 meter djup på midten og 3 meter djup på sidene. Nota er ikkje tyngre enn at den kan berast frå vatn til vatn. Planen er å starte ved vesle Tjorbu og vatna rundt der i fyrste omgang. Båten på vesle Tjorbu kan flyttast etter på vinterstid viss det er behov. 

Fylkesssekritær Bjørn Erik Lauritsen er positiv og bidrar med kontakter og kontanter. Dette er eit spennende prosjekt som vil gjera eit godt innhogg i fiskebestanden. Det vil og sjekkast ut om det skal settast ut ny fisk i fisketome/låg bestanddel i enkelte vatn.

Private aktører og andre foreningar og lag er hjertleg velkomne til å bli med å lære om fangstmetoden. Ta kontakt med fiskeutvalet. Notfiskearrangement finn du på kalenderen.

Medlemmer som har fått opplæring kan drive notfiske på eiga hand i samråd med fiskeutvalleiaren.

 

Rutiner for notfiske.

Nota skal alltid ligge klar til bruk i aluminiumsbåten.

Det skal førast logg for fisket. Loggboka ligg inne i hytteboka på Tjorbu.

Fisken skal gravast ned eller medbringast.

Skader på nota skal forsøkast å reparerast på fjellet. Alle skader skal meldast til Fiskeutvalet.

Det bør vera 3-4 mann som fiskar samtidig. 

 

klargj+©ring av not.jpg 

Klargjering av not

Et knippe av dugnadsgjengen.jpg 

Det tok litt tid å lære opp og ned på nota;)

 

2014 360.JPG 

 

Dragning av not

 

fangst.jpg 

 Fisk er garrantert!

 

Feiltrekk gav gj+©rme.jpg 

Dreg ein nota feil, slik som her får ein stort sett bare gjørme.

Bunnforholda er viktige.

 

Rusefiske

Rusefiske på Lifjell var eit av satsingsområde. Det blei kjøpt inn to bekkeruser som er lette og håndtere og lette og flytte. ( 8 kg ). Det blei frakta inn på skuter vinterstid til Tjorbu. Rusene blir sette ut i bekkane rundt Tvitjønnan. Rusene fangar all fisk som kjem på bekken og er eit effektiv fiskereiskap. ein er ikkje avhengige av å tømme dei meir enn ein gong i veka. I 2014 blei det fanga 400 fisk berre i Tvitjønnan med desse to rusene.

Dei som ynskjer seg mengder av fjellaure og har lyst til å oppleve dette fisket kan kontakte fiskeutvalsleiar.

Det blir sett opp tømmeliste for dei som er interessert på hausten.

IMG_0606.JPG 

 Utløpet av Grantjønnbekken

IMG_0601.JPGBekken mellom vatna

 

IMG_0626.JPG 

Flommen kan vera vanskeleg å gjera noko med.

IMG_0624.JPG 

Aure i gytedrakt.  Rusa fangar all fisk som kjem inn.

På det meste var det 140 fisk på ei tømming.

- Annonse -
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Svorka
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Big Fish Adventure
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2017 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.