Skyting

Stordøy JFL har fleire tilbod til deg som er interessert i trening og konkurranse innan rifle- og hagleskyting.

Leirduebanen vår ligg på Isdal. Banen har akustisk anlegg og overbygde standplassar.

​​​​Leirduegruppa er ei undergruppe av SJFL som har ansvar for drift og vedlikehald av Leirduebana samt oppsett av terminlister for trening og konkurransar. Leirdueskyting er ein kjekk og spennande sport. Det er veldig få krav for og delta, og det er berre og møte opp og prøve. 

Leirdueskyting: tider og sesong

Me har eit aktivt miljø i Leirduegruppa, og det vert skote omlag 20.000 skot i sesongen.

Det er skyting onsdag og laurdag, og desse dagane er det treningsskyting. Banen er open onsdag fra kl 17.00 og laurdag frå kl 14.00.

Vårsesongen startar i mars og haustsesongen startar i august.
Terminlistene vil bli lagt ut på nettsida vår, sjå www.stordoyjfl.no - KalenderStordøy JFL Leirduebane

Leirdueskyting for grupper

På førespurnad arrangerer me leirdueskyting for firma, vene- og utdrikkingslag osv. Me stiller med skyteleiar/ instruktør, hagler og fyr i bålpanna. Skyteleiar gir ei innføring i leirdueskyting.
For bestilling ta kontakt med Helge Lagerstrøm, tlf: 454 11 298.

Regler for SJFL Leirduebane:

- Adlyd standplassleders ordre uten diskusjon

- Bli på standplass til våpenet er kontrollert av standplassleiar eller tilsvarande person

- Lær deg ditt våpen å kjenne

- Sikringen er ikkje en erstatter for sunn fornuft

- Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillatt på banens område

- Er du i tvil: Spør!

Du er velkomne til eit lett og triveleg miljø.

Leirduegruppa arrangerer trening, instruksjon, kurs og konkurranser innan leirdueskyting. Under finn du informasjon om tilboda våre.

Trening på Leirduebana


Premieutdeling Stordmesterskapet 2016

​​​Leirdueskyting: tider og sesong

Me har eit aktivt miljø i Leirduegruppa, og det vert skote omlag 20.000 skot i sesongen.
 

Det er skyting onsdag og laurdag, og desse dagane er det treningsskyting. Banen er open onsdag fra kl 17.00 og laurdag frå kl 14.00.

Vårsesongen startar i mars og haustsesongen startar i august. Terminlistene vil bli lagt ut på nettsida vår.

Instruksjonskyting

Som ein del av tilbodet til Stordøy Jeger og Fiskarlag har Leirduegruppa instruksjonskyting på Leirduebanen på Isdal/ Stord. 

Dette er eit tilbod til nye og erfarne jegerar samt leirdueskyttarar. 

Kursa går vanlegvis på torsdagar kl. 17.00, men oppstart vert annonsert på nettsidene våre og på Facebook.

Me startar vanlegvis opp i april og held fram til oktober, men har ein stans på ca. ein mnd. i ferietida.

Kursa startar med ein kveld med teori og å læra våpenteori. Deretter blir det skyting med rettleiing frå instruktørar på Leirduebanen.

Me kan og gi råd om våpentilpassing. Kursa er gratis, ein betalar berre for duer og skot. Det også høve til å få låna våpen i foreningen.

Jente- og damekveldar

Kvinnegruppa i SJFL arrangerer eigne instruksjon- og treningskveldar for jenter/ damer. 

Både trening og kurs vert annonsert på nettsida vår og på Facebook

Stordmeisterskap

Gruppa arrangerer eit lokalt Stordmeisterskap i slutten av august. Dette er ei fin avslutning på sesongen der ein kan visa fram ferdigheitar ein har opparbeida seg iløpet av sesongen.

NJFF Haglemerke

Målet med NJFF Haglemerke er å auke norske småviltjegeres treffsikkerheit med hagla. 

Haglemerket er et aktivitetsmerke som skal være med å stimulere til økt skytetrening, økt trening i avstandsbedøming, samt testskyting av patroner.

Momenter til NJFFs haglemerke:

1) Treningsskyting

Skytingen skal omfatte minst 75 skudd med hagle mot bevegelig mål.

​2) Avstandsbedømming

Avstandsbedømmingen skal omfatte minst 5 mål. Minst 2 av målene skal være utenfor haglehold (35-50m)

3) Testskyting

Testskytingen skal omfatte skyting på plate /papir for å se på haglesvermens spredning og treffbilde. Det skal skytest med minimum to ulike trangboringer, og på to ulike avstander

Dato og tider for kunne ta Haglemerket vert annonsert på nettsida vår og Facebook

SJFL arrangerer årleg Jaktfeltstemne på Stord.

​​​Jaktfelt​stemne er terminlista og det er moglegheiter for å ta Skyteprøva for storviltjegarar (Bjørneprøva)

Me har fått mange gode tilbakemeldingar på løypa og tilrettelegging i felten. Deltakarar og publikum kan kjøpa mat og drikke i teltet som er sett opp ved feltløypa.