Sel - steinkobbe og havert
Publisert 18.05.2016 16:08
Oppdatert 30.05.2016 10:06
Sel - steinkobbe og havert
Steinkobbe.
Sel - steinkobbe og havert
Havert.

Sel er eit rovdyr som er tilpassa livet i vatn. Dei svømmer og dykkar særs godt.

Selane ser godt, men lukt og hørsel er enno viktigare. Dei karakteristiske verhåra og den følsame snuten er viktig for å lokalisere føde, artsfrendar og fare. Det er ikkje synleg ytre øyre, og ein hudfald dekkjer øyret ved opphald under vatn. Selane er nysgjerrige og kan ligge lenge med hodet såvidt over vassflata for å følgje med, lukte, lytte og elles få oversikt over situasjonen. Selen har forseinka innplanting, og det befrukta egget festar seg ikkje i livmora med ein gong. Drektigheitstida er vanlegvis 10-11 månader, totalt 11 ½ månad.

Det finst 7 selartar i norske farvatn. Kystselane havert (Halichoerus grypus) og steinkobbe (Phoca vitulina) held til langs kysten vår året rundt, medan artane ringsel (Phoca hispida), storkobbe (Erignatus barbatus), grønlandssel (Phoca groenlandica), klappmys (Cystophora cristata) og kvalross (Odobaenus rosmarus) kan opptre periodisk, særleg vinterstid i kystnære farvatn. Steinkobbe og havert er delar av større populasjonar med utbreiing i europeisk eller nordatlantisk samanheng. Om det er eigne genetiske bestandar av kystsel langs norskekysten er forskarane ikkje sikre på.

Det skjer både tilfeldige og regelmessige vandringar mellom populasjonane. Eit døme på dette er vandringar av havert frå kysten av Skottland til Rogaland. Slike vandringar gjer at ein i enkelte område må sjå dei norske koloniane i ein større samanheng når det gjeld forvalting av selstammane, bestandsestimat og fellingsløyver.

Norske forskarar har funne spor av miljøgifter i sel fleire stader langs kysten og har varsellampene på. Men generelt sett har selane i norske farvatn for tida ein normal tilvekst og kan skattast som jaktbar ressurs.

Til skilnad frå andre viltartar, blir selen forvalta av Fiskeridirektoratet (sjå lenke under).

​Vi har også laga eit flott hefte om seljakt som kan lastast ned i pdf-format.


Kontaktperson: Webjørn Svendsen​.

- Annonse -
Familiemedlemskap
Gjensidige jakthund
NJFFs Samarbeidspartnere
Gjensidige
Sportsmans Pride
Thon Hotels
Langseth Advokatfirma DA
Din Tur
Hørselslaben
Norges Jeger- og Fiskerforbund har en rekke sentrale samarbeidspartnere som du drar nytte av. Klikk på logoene for å se våre medlemstilbud.
Copyright © 2013 - 2021 Norges Jeger- og Fiskerforbund
Lokalforeninger tilsluttet Norges Jeger- og Fiskerforbund har redaksjonelt ansvar for innhold de publiserer på sine respektive nettsider i NJFF-portalen.