MENY hamburgermeny Close-menu button

Fiskekonkurranse på Litlevatnet

Fredag inviterte Sykkylven jeger- og fiskeforeining til den årlege fiskekonkurransen ved Litlevatnet. I 2020 var det full stopp pga corona , men no var vi tilbake med full tyngde . Opp i mot 35 born og vaksne møtte opp for å konkurrere om å få størst fang... Les mer

Deltakarane stod spreidd rundt heile vatnet, både på bryggene, på berga, og der det ellers var plass. Alle koste seg i det fine veret. Og mange fekk fisk på fyrste kastet sjølv om dei ikkje var store.

Tore Melbø hadde satt opp skilt i begge ender av vatnet om at det var barn i området og at trafikken måtte køyre varsamt.. Og det fungerte, alle biler køyrde forsiktig i området og takk til dei.

På grunn av corona vart det ikkje servert pølser og brus denne gongen, men det såg ut til at alle koste seg likevel.  Tore Melbø, Stig Ålgårsstad og Karl Johan Sylte  tok i mot påmelding, veiing av fisk og då sjølvsagt premiutdelinga.

20210528_203001.jpgPREMIEVINNARANE  MED CORONA AVSTAND

Resultat  mest fisk

Jenter :
1) Sanne Almås Moe     391 gram

2) Natalie Utgård Andreassen   126 gram      

3) Ane Flæmsæter    80 gram

Sanna Almås Moe.png

Gutar:
1) Oscar Oterhals: 719 gram
2) Daniel Utgård Andreassen : 695 gram
3) Lucas Lade     618 gram

Damer:
1)  Tonje Lade   99 gram.

Herrer:
1) Kenneth Lade: 1632 gram
2) Espen Haugseth  : 746 gram
3) Kjell Haugseth: 657 gram
 
Størst fisk og intersport sin vandreplakett til odel og eige

 

Daniel Utgård Andreassen   303 gram

Nytt bilde.png