Stilling ledig

Vi søker etter prosjektleiar for "Friluftsliv for barn og unge"

Publisert: 14. desember 2022 kl. 10.25

Sist oppdatert: 15. desember 2022 kl. 10.20

Prosjektleiarstilling

 

Frist 27.12.2022

 

Tilsetjingsform: Prosjekt

 

Prosjektleiar Friluftsliv for barn og unge

 

Friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane søkjer mellombels prosjektleiar i 50% stilling for «Friluftsliv for barn og unge». Varigheit 1 år, stillinga vert vurdert forlenga 1 – 2 år.
Kontorstad: heimekontor i Sogn og Fjordane.

 

Prosjektet Friluftsliv for barn og unge er eit samarbeidsprosjekt av friluftsorganisasjonar der målet er å koordinere mange og varierte friluftstilbod for barn og unge i kvar kommune i ein felles kalender. Friluftsliv er viktig for både psykisk og fysisk helse og nøkkelen til varige interesser, er gjentaking av gode opplevingar, gjerne i ung alder. Prosjektstillinga skal samanfatte ein felles kalender der barn og unge i kommunane vil ha eit synleg og mangfaldig friluftstilbod.
 

 

Arbeidsoppgåver:
 

  • Ansvar for budsjett, søkje om tilskot, rapportering av tilskot.
  • Engasjere friviljuge lag og organisasjonar innan friluftsliv til å delta i prosjektet med friluftsaktivitetar
  • Engasjere kommunar til å ta del i prosjektet slik at desse kan ha ei koordinerande rolle seinare
  • Koordinere kalenderar kommunevis
  • Utvikle prosjektet for heile Sogn og Fjordane
  • Marknadsføre friluftsaktivitetane i skular, media og sosiale media
  • Rapportere status i prosjektet til regionlaga som er med i arbeidsgruppa
  • Fysiske og digitale møter på kveldstid og dagtid / ein del reiseverksemd for å informere

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
 

  • Organisatorisk og administrativ erfaring
  • God kompetanse i bruk av digitale verktøy og SoMe
  • Gode evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta eigne initiativ
  • Vere ryddig og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner er ein stor fordel

 

Vi tilbyr:

 

  • Løn etter avtale, kompensasjon for pensjonsordning og naudsynte forsikringar
  • Dette er ei gjevande stilling der du får vere med å utvikle og drive eit prosjekt som gjev barn og unge eit variert og mangfaldig tilbod innan friluftsliv.
  • Fleksibel arbeidstid

 

Kontaktinformasjon:
 

Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane
Regionsekretær Reidun Solberg Seim, 970 76 702
Styreleiar Håkon Huseklepp, 911 06 076

 

 

Nøkkelinformasjon:

 

Arbeidsgjevar: Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane

Stillingsprosent: 50%   

Varighet: 1 år, høve til forlenging om vi får inn midlar til det

Stillingstittel: Prosjektleiar

Søknadsfrist: 27.12.2022
Send søknad til Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane på e-post til [email protected]

 

Om arbeidsgjevaren:

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Sogn og Fjordane er eit regionlag i NJFF som er ein landsdekkande interesseorganisasjon for jakt, fiske og friluftsliv. NJFF er initiativtakar til prosjektet, men prosjektet i Sogn og Fjordane er eigd av alle friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane og har saman danna ei arbeidsgruppe som vil vere styrande for den tilsette.