Introjakt Hjort 1. oktober 2022

  • Fra:
    01.10.2022 kl. 07.00
  • Til:
    01.10.2022 kl. 16.00
  • Varighet:
    9 timer
  • Sted:
    Sanddalen, Jølster
  • Pris:
    Medl: 250,- / Ikke medl: 500,-
  • Arrangør:

Er du fersk hjortejeger eller er nysgjerrig på korleis hjortejakt foregår?
Har du tatt jegerprøven, men ikkje har kome deg ut på jakt enno?
Bli med på introjakt!
Bli med oss på hjortejakt i vakre Sanddalen på Jølster.

For dei over 18 år må kvittert jegeravgift dokumenterast. Alle må legge fram våpenkort/utlånserklæring. Vi forventar at våpenet er godt innskote med ekspanderende ammunisjon og attest på godkjent skyteprøve skal dokumentarast.

Du må sjølv ordne transport til og frå jakta. Normalt god fysisk form er en nødvendigheit, men om du har utfordringar med å bevege deg så gje tilbakemelding om det så prøver vi å tilpasse for deg.


Du må ha med deg jaktradio og signalfarge på kle. Medlem i Jølster Jeger og Fiskerforening har førsteprioritet til å være med, men ut over det så vert det førstemann til mølla-prinsippet.

Kva er introjakt, og kven kan bli med på det? Les meir om introjakt her.
https://www.njff.no/aktuelt/introjakt--et-tilbud-for-deg-som-skal-pa-jakt-for-forste-gang

Det er stor moglegheit for at du får sjå hjort i løpet av helga, og Sanddalen kan for øvrig tilby flott natur med fantastisk utsikt frå hjorteliane. Det er begrensa med deltakarar på introjakten, så ikkje vent med å melde deg på.

Jakta leggast opp som at du er medlem av jaktlaget denne dagen, og du må såleis berekne å delta både som drivar og postjegar.

Viss du har ønske om ein «fadder» med deg under jakta, så prøver vi å tilpasse det så langt det lar seg gjere. Alle medlemmane må rette seg etter dei beskjeder jaktleiar gjer.

Vi startar med felles samling kl. 07.00 før vi fordeler postar/oppgåver.

Felles lunsjpause midt på dagen.

For medlem i Jølster JFF: Kr. 250,-. Øvrige: Kr. 500,-.
Prisen inkluderer lunsj (bålmat).
Kjøt frå felte dyr kan ein kjøpe grovpartert for kr. 60,- pr kg.

Påmelding på e-post innan 20. september til [email protected] med desse opplysingane:

- Namn
- Adresse
- Telefonnummer
- e-postadresse
- Fødselsår
- Medlemsnummer i Jølster JFF, viss medlem
- Kopi av jegeravgiftskort, skyteprøvedokumentasjon og
våpenkort/utlånserklæring
- Har du ønske om å sitje på post med ein erfaren jeger?
- Har du spesielle behov, eller allergi som må takast hensyn til?

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: