Kart over jølster

Kurs i kart og kompassbruk, og bruk av GPS 23. april 2023

  • Fra:
    23.04.2023 kl. 10.00
  • Til:
    23.04.2023 kl. 17.00
  • Varighet:
    7 timer
  • Sted:
    Teori og praktiske øvingar på sørsida av Jølstravatnet. Meir info kjem når vi ser kor lenge snøen ligg.
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 400,-
  • Påmeldingsfrist:
    20.04.2023
  • Arrangør:

Har du vore ute i skog og mark og vore usikker på korleis du skal finne fram til målet?
Har du sett på 71°Nord, og tenkt at det hadde vore kjekt å kunne navigere betre enn deltakarane? :-) 
Har du GPS, men slit litt med å forstå korleis du skal utnytte den skikkeleg?

No kan du lære deg dette! Vi har nemlig hyra inn ein instruktør frå orienteringsmiljøet i Førde IL til å lære oss det, og er det nokon som kan dette så er det orienteringsløparar!

Har du GPS, kart og kompass sjølv så tek du det med. Vi har berre nokre få kompass til utlån. Kart ordnar vi med utskrift av.

Vi må ha bindande påmelding til dette kurset ettersom vi har ekstern kurshaldar. Du må betale ved påmelding. 
Avbestilling: 5 dagar før eller tidlegare: Refusjon halv deltakarpris, 4 dagar eller seinare: ingen refusjon med unntak ved dokumentert sjukdom/skade. 

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: