Medlemsfordel for medlemmar i Jølster JFF

Som medlem i Jølster jeger- og fiskerforening kan du få låne frilufts- og fiske-/jakt-/fangstutstyr.

Publisert: 07. juli 2021 kl. 12.56

Sist oppdatert: 22. januar 2024 kl. 13.01

Laget har ein båt på Svidalsneset, og vi har og 15 fiskegarn til utleige/utlån i vatnet.​ 

NJFF-båten ligg på Lunde, og den kan booke på minebaater.no

Skal du ha utandørsarrangement, eller vil ha deg ein weekendtur, så har vi ein Lavvo med plass til 8 personer, til gratis utlån for medlemmar. Lavvoen har botnduk og du kan og låne lavvo-ovn, bålpanne med Kaffekjele og Popkornkjele

Når vi har leirdueskyting kan du låne ein av to Hagler kaliber 12 og kjøpe hagleapatroner i same kaliber når du er på bana.
Vi har og dueutkaster du kan låne om du vil trene i ro og mak heime på garden med eiga hagle.

Når vi arrangerer skyting på riflebana kan du og få låne rifle kaliber 6,5.-55 der ein er med dempar. Ta gjerne med deg ein ven på skytebana.

I tillegg har vi ein Skivevender for skytetrening, og fylkeslaget har og skivevendarar om ein skal ha arrangement og treng fleire vendemål å trene på.

Vi har og seks Mårfeller til utlån om du vil prøve deg på fellefangst i sesongen.

Dette kjem i tillegg til dei sentrale medlemsfordelane. Les om dei her: NJFF Medlemsfordel

Ta kontakt på telefon/sms til 41200591 eller Epost for å låne/leige utstyr frå lokallaget.

Er du ikkje medlem? Bli medlem her​!