Fotokonkurranse 2023

Del dine finaste jakt- fiske- natur- og friluftsbileter og vinn fine premiar!

Publisert: 27. januar 2022 kl. 14.07

Sist oppdatert: 14. mars 2024 kl. 10.36

 

Det er til saman 3 konkurransar: beste jaktbilete, beste fiskebilete og beste friluftsliv/naturbilete.

Ein kan sende inn så mange bileter ein vil, men same fotograf kan maks vinne ein 1.premie og ein 2.premie totalt. Innsending fortløpande, seinast 15. januar 2024. 

Bileta må vere tatt i Sogn og Fjordane og du kan berre sende inn bileter du har tatt sjølv.

​Bileta må vere i så stor oppløysing som mogeleg (minimum 1 MB/800px) og i jpg, gif eller png-format. Legg bileta som vedlegg i e-posten. 

Det er innsendar sitt ansvar å få løyve til å offentlegjere eventuelle identifiserbare personar på biletet.

Ved bileter av barn under 15 år må foreldre samtykke på vegne av barnet.

NJFF Sogn og Fjordane forbeholder seg retten til å kunne bruke innsendte bileter.

 

Premiar i alle 3 kategoriar:
1. premie kr 5.000

2. premie kr. 2.000

 

Send bileter til [email protected] og opplys om: 
1. Namn på fotograf
2. Mobilnummer
3. E-post adresse
4. Informasjon om biletet (t.d.  kvar, når, kva, kven…)​

Sjå vinnarane fotokonkurranse 2021