Jaktkveld med Joar Søhoel og Lyngdal jakt og fiskesenter

  • Fra:
    11.02.2023 kl. 17.00
  • Til:
    11.02.2023 kl. 22.00
  • Varighet:
    5 timer
  • Sted:
    Fyresdal samfunnshus
  • Pris:
    Se priser i arrangementteksten
  • Arrangør:

Vi får besøk av Joar Søhoel og Lyngdal jakt og fiskesenter i Fyresdal, og vi har gleden av å invitere til jegerkveld med både partering, jaktfilmar og matsal. I tillegg vil du kunne sjå og handle klede, utstyr og optikk.

Joar er utdanna kokk og har 17 år bak seg i bransjen. Hans lidenskap for jakt, fiske, fangst, foredling og sanking har skapt fram viltkokken i han. I 2013 blei han kåra til "Årets villmarkskokk". Dei seinare åra har han blitt kåra til årets Jaktia-proteam, han har vunne realityserien Jaktlaget og gjeve ut filmane "Jakta på brølebukken" 1 og 2 i samarbeid med Veri Media. I tilegg har Joar laga sin eigen "jakt og viltmatkanal", her legg han ut mange filmar fra blant anna jakt, fiske og fangst til sanking og matlaging.

Kunnsakapen hans om hjort og hjortejakt er noko for seg sjølv, i tillegg har han spisskompetanse på korleis ein foredlar denne flotte råvara. 11.02 vil Joar to oss med på hjortejakt og anna viltjakt i dei vestlandske fjell i spektakulære omgjevnadar og opplevingar.

Lyngdal jakt og fiskesenter har nettbutikken, jaktbutikken.no, og har med seg klede, utstyr og optikk som du kan få sjå og handle.

Kl 17 Dørene åpnar

Kl 18 Grov og finpartering av hjort

kl 19 Matservering, Joar sel viltgryte tallerken til 150 kr, I tillegg kan ein få kjøpt kaffe og mineralvaten

kl 20 Jaktforedrag, jakt på brølebukken.

 

Inngang; Medlemmer, 150 kr. Ikkje medlem 200 kr, Under 16 år gratis

Bli med!

Møt Joar og fleire likesinnande med lidenskap for jakt, natur og matstell på ein sosial kveld.

Legg i kalender
KONTAKT

Signe Greivstad

Tlf: +4791872527

Del: