Havfisketur for ungdom Aust-Agder

NJFF- Aust-Agder har lyst til å prøve å få til eit meir aktivt fiskemiljø for ungdom. I samband med dette vil vi stelle til havfisketur for ungdom 8. juni med utgangspunkt Arendal

Publisert: 24. april 2024 kl. 09.07

NJFF- Aust-Agder har lyst til å prøve å få til eit meir aktivt fiskemiljø for ungdom. I samband med dette vil vi stelle til havfisketur for ungdom 8. juni med utgangspunkt Arendal. Er været på vår side satsar vi på fisk av litt størrelse utaskjers. Dersom det skulle blåse «grevlinger» går vi berre innaskjers. Målet blir da å sjå kor mange forskjellige artar vi kan få. Så høve for å få en verkeleg premiefisk på kroken er like stor, sjølv om den kanskje berre veg 100 gram.

Vi reiser ut kl. 10.00 fra Natvigværven, Nedenes, og kommer inn kl. 16.00 same sted.

Alle må ha med mat og drikke, varme klede, kniv til å sløye fisk og pose til fisk. Har du redningsvest, ta gjerne med dette også. Båtane er så klart utstyrt med flyteplagg til alle, men dette er heilt ordinære flyte-/ seilervester.

 Vi stiller med fiskeutstyr og agn. Du kan gjerne ta med eige fiskeutstyr, men det må da være stang som passer for fiske frå båt, til dømes 5-6 ft. stang og multiplikator snelle.

 Aldersgrense 12-18 år og vi har maks 10 deltakarar.  Pris er 100 kroner for medlemmer av NJFF og 400 for ikkje medlemmer. Er det vær til det, går vi i land og et mat, og kanskje fisk. Medlemmer vil få prioritet.

Vil du være med, så meld på her.