Tillitsvaldsamling for lokallaga

  • Fra:
    05.04.2024 kl. 18.00
  • Til:
    06.04.2024 kl. 13.00
  • Varighet:
    2 dager
  • Sted:
    Quality Sogndal Hotel
  • Pris:
    Se priser i arrangementteksten
  • Påmeldingsfrist:
    20.03.2024
  • Arrangør:

Velkomen til    
Tillitsvalgtsamling lokallag 2024

 

Styret i Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane har gleda av å invitere alle styremedlemer i lokallaga i Sogn og Fjordane til samling i Sogndal på Quality Sogndal Hotel 5.-6. april 2024!

Vi vonar dette vil bli ei samling med både fagleg og sosial påfyll 

 

Fredag 5. april 

Kl 17.30   Matbit i møtelokalet før samling

KL 18.00         SoMe – sosiale medier. Korleis brukar vi desse best mogleg for å få fram våre  aktivitetar, tilbod og syn? Kvar henvender vi oss til å nå dei ulike målgruppene? 
- Bjørn Kristoffer Kjelsrud, NJFF 

kl 18.45  Beinstrekk 15 min.

Kl 19.00          Jaktfilm føredrag og kursing i lokkejakt på hjort og rev. 
- Joar Søhoel frå Hafslo, NJFF-ambassadør, Joars Catering, jaktogviltmat.no og  jaktogvilt.no 

Kl 21.00          Middag

 

Laurdag 6.april                                                                                    

Kl 07.30 - 08.45  Frukost 

Kl 09.00           Drift av lokallag ved Årdal jff og Leikanger jfl.
Gruppearbeid og presentasjon av svar og løysingar.

1. Gruppeoppgåve: Tilgang til jakt og fiske
Du har som mål å skaffe laget tilgang til småviltjakt og / eller fiske i fjellvatn i din kommune. Det kan vere enkelt-grunneigarar eller sameige.
Korleis går du fram?

2. Gruppeoppgåve: Omdømmebygging
Organisasjonen vår haustar av eit overskot, noko som krev samarbeid med t.d. grunneigarar og positiv innstilling frå innbyggarane. Vi skal vere ein medspelar i kommunen med tanke på arealplanlegging og forvaltning. Vi skal vere ein stor og sterk organisasjon slik at vi kan tale viltet og fisken si sak, og dei som haustar av den, sine interesser.
Korleis kan i lokallaget gå fram for å skape eit godt omdømme?

3. Gruppeoppgåve: Planlegging av aktivitet
Kva er suksesskriterier for å få gjennomført ein aktivitet? Legg også her vekt på korleis ein skal nå målgruppa si / korleis få deltakarar. Diskuter gjerne også samarbeid med andre (andre lokallag, lokalt næringsliv, grunneigarar, andre lag/organisasjonar).

Kl 10.30  Beinstrekk 15 min.

Kl 11.45  Beinstrekk 15 min.                         

Kl 12.00           Jakt-, fiske- og friluftsaktivitetar 2024

  Regionlaget sine aktivitetar
  Bruk av kalender
  Kva aktivitetar har lokallaget planlagt for 2024?

Kl 13.00           Lunsj og heimreise

                                                   

 

Deltakarpremiar: Tre heldige deltakarar vert trekt ut til å vinne kr. 3.000 til jakt- fiske- og turutstyr 
 

Påmelding: innan 20. mars

Regionlaget dekker deltakaravgift med inntil kr 1500 per deltakar. Reise må lokallaget dekke sjølv. 

Deltakaravgift med overnatting og måltid: 
Enkeltrom kr 1425 pr person                               
Dobbeltrom kr 725 pr person                               

Deltakaravgift utan overnatting:
Inkludert middag og lunsj og dagpakke begge dagar: Gratis 

 

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Reidun Solberg Seim

Tlf: 97076702

Del: