Sportrening-samling

  • Fra:
    11.05.2024 kl. 09.30
  • Til:
    11.05.2024 kl. 13.30
  • Varighet:
    4 timer
  • Sted:
    Sanddalen
  • Pris:
    Gratis
  • Påmeldingsfrist:
    10.05.2024
  • Arrangør:

Blir du med å trene blodspor med hunden din?
I samband med sporkurset vi hadde 4.-5. mai, vert det ei ekstra treningssamling den 11. mai som er ope for alle til å bli med på.

Tid: 09.30 - 13.30
Oppmøtestad
er ved Brendestøylen i Sanddalen, sjå kartlenke.
OBS: Bomveg, du må betale før du køyrer over brua og opp vegen.

For planlegging av terreng må vi ha påmelding til treningssamlinga innan fredag kveld. Begrensa antal plassar.

Du må ta med det du treng til treninga sjølv (viltdel, blod, merkeband osv.), men terreng og treningskompisar får du av oss. :) 
Det er og lurt å ha med stol og mat/drikke til ei pause mellom sporlegging og sporgåing.

Treninga er lagt opp slik at alle deltek som sporleggarar til kvarandre, og du må då være med som "kjentmann" når sporet skal gåast.

Hunden skal være i band heile tida.
Plukk opp etterlatenskaper den måtte legge att i veg og sti.

Hugs å ta vekk merkeband etter sporet er gått så vi ikkje etterlet oss søppel i naturen.

Link: til Google-maps

Har du spørsmål, ta kontakt med Ann på telefon/sms: 41 20 05 91

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin

Tlf: 41200591

Del: