Ettersøk vidaregåande kurs

Ettersøk Vidaregåande kurs

NJFF Sogn og Fjordane v Ettersøksutvalet arrangerer kurset Ettersøk Vidaregåande i lag med Ytre Nordfjord Jeger- og Fiskerforening.

Kurset er obligatorisk for deg som skal gå offentlege ettersøk (kommunale ettersøk).

Krav for å delta:

  • Du må være registrert i Jegerregisteret
  • Du må ha ført eigen hund til godkjent ettersøkshund og er eller har vore registrert i Ettersøkshundregisteret
  • Du må ha bestått del 1 som er e-læring, og som vi går gjennom på kurset med påfølgjande eksamen på kurset. Av erfaring anbefalar vi at du er deltakar på heile kurset, sjølv om har teke del 1 heime.

Praktisk info:

  • Dato: 19.-21- april 2024 - Fredag frå kl. 18.30 til søndag ca kl 15.00
  • Stad: Ytre Nordfjord/Bryggja. Fjordsight Resort og Skyttarlagshuset til Bryggja skyttarlag

Prisar
kr. 2.600,- for medlemer i NJFF, kr. 3.600 for ikkje-medlemer
Deltakarprisen inkluderer kursmateriell, pausemat og felles middag fredag og laurdag.

Overnatting ordnar du sjølv. Vi har fått avtalepris på Fjordsight resort, fjordsight.no. bruk kode "ettersøk" ved booking.

Berre del 2, medlem i NJFF - kr 1 400,00
Berre del 2, ikkje medlem - kr 1 900,00

Påmeldingsfrist: innan 14. April 2024.
Har du matallergi/-intoleranse må du gje beskjed om det ved påmelding.
Det er høve til å ha med eigen hund på kurset. Dersom du tek med hund ynskjer vi tilbakemelding om det ved påmelding.

Pensum:

  • Lover og forskrifter
  • Skotreaksjon, skotplass
  • Sporutredning med og utan hund
  • Ekvipasje, trening
  • Trafikk ettersøk og utstyr
  • Våpen og avliving
  • Ettersøk og ansvar
  • Sikkerheit
  • Demonstrasjon av skot i tett vegetasjon

Ta med deg:

  • Kle og sko til å vere ute i – sjekk vêrmeldinga
  • Hørselvern
  • 40 rifleskot (treningsskot) og rifle
  • PC/nettbrett med øyrepluggar, til eksamen del 1
  • Dokumentasjon frå Jegerregisteret
  • Dokumentasjon frå Ettersøkshundregisteret
  • Evt. Dokumentasjon/kursbevis frå del 1 om du ikkje deltek på heile kurset (erfaringsmessig har du mest utbyte om du deltek på heile)

Instruktørar:

Fylkesinstruktør Ettersøk: Rudi Sønnervik

Ettersøksutvalet:
Ann Kristin Gaare
Hilde Rotihaug
Rune Eriksen

Program:

Fredag kl. 18.30 på Fjordsight resort
Oppmøte, registering og gjennomgang av program.
Start teorileksjon:

  • Lovverket kring ettersøk
  • Kommunen si rolle og ansvar
  • Ansvar, skade på eigedom og tredjepart
  • Sikkerheit
  • Offentlege ettersøk
  • Diskusjon-/spørsmålsrunde

Pause ca kl. 19.30

Kl. 21.00 Felles middag og sosialt samvær på Fjordsight resort
 

Laurdag

09.00-11.00 Teorileksjon på Fjordsight resort:

  • Problemstillingar ved ettersøk
  • Sikkerheit
  • Skot- og skadestadundersøking
  • Diskusjon-/spørsmålsrunde

Pause kl. 09.45

11.00-12.00 - E-LÆRING OG EKSAMEN
NB! Hugs å ha med PC/nettbrett med øyrepluggar. Du må sjølv logge deg inn, opprette brukarnavn og passord for at kurset skal opnast

12.00 Oppmøte og registering for deltakarar del 2. Stad Fjordsight resort

12.00 - 13.00 Lunch
13.00 - 14.00 Besøk på hjortefarmen
14.00 - 18.30 Praktisk leksjon:
Utandørs ved skyttarhuset til Bryggja skyttarlag – kle deg etter værmeldinga

  • Skot- og skadestadundersøking i praksis

19.00 Felles middag og sosialt samvær på Fjordsight resort

Søndag

09.00- 11.30 Teorileksjon på skyttarhuset til Bryggja skyttarlag:

  • Ettersøksekvipasjen
  • Ettersøksteknikk
  • Forsikringer
  • Diskusjon-/spørsmålsrunde

11.30-12.00 Lunch

12.00-15.00 Utandørs på skytebana på Bryggja

  • Praktisk skyting. Hugs å ha med hørselvern, våpen og våpenkort, sluttstykke, ca 40 skot. Det er ikkje høve til å kjøpe ammunisjon på staden.

Ca. 15.00 Oppsummering, samandrag og avslutting

Har du spørsmål kan du kontakte leiar i Ettersøksutvalet Ann K. Gaare tlf 41200591 (etter kl. 16) eller e-post

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare (etter kl 16)

Tlf: 41200591

Del: