Havfisketur for jenter 2024

  • Fra:
    13.04.2024 kl. 17.00
  • Til:
    14.04.2024 kl. 12.00
  • Varighet:
    2 dager
  • Sted:
    Ålesund
  • Pris:
    Medl: 1500,- / Ikke medl: 2000,-
  • Påmeldingsfrist:
    11.04.2024
  • Arrangør:

Havfiske for damer, Ålesund 

Vi gjentek suksessen og arrangerer havfiske for damer i Ålesund laurdag 13. til søndag 14. april 2024. Vi har med oss kjentmann og skipper Stein Magne Hoff også i år!

 

Det blir fiske laurdag kveld og søndag morgon. Det blir overnatting på Volsdalen camping i leilegheit med 8 soveplassar, 4 soverom. Denne ligg ikkje så langt frå der vi går ut med båten. Der er eit lite kjøkken med mulighet for å lage eit felles måltid, og smørje seg niste/frukost. 

 

Vi går ut frå Ålesund laurdag ca. kl. 17.00 og fiskar til 21.00, og så ut igjen søndag morgon ca. kl. 06.00 – 10.00. Det er max 8 plassar, så her må du hive deg rundt og melde deg på. 

 

Prisen inkluderer lån av fiskestenger og dressar på båten. Om nokon vil bruke eige utstryr kan dei det. Ha gjerne med ein stamp til fisken.  Ta med termos og varme kle og snacks du vil ha sjølv. Vi handlar til felles kvelds/frukost/lunsj.

 

Pris medlem NJFF: 1500,-, ikkje medlem 2000,-

 

Kontaktperson Randi Alsaker tlf 97516004

 

Arr. Jenteutvalet, NJFF Sogn og Fjordane

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Randi Alsaker

Tlf: 97516004

Del: