Jentesamling 2024

Jentesamling Lunde, Jølster

Stad: Oppmøte Lunde turiststasjon/ Kjøsnesfjordvegen 1207

Dato: 23. -24. august 2024

Klokkeslett start fredag 23. kl. 17.00 på Lunde, og slutt laurdag 24. kl. 14.00 på skytebana.

 

Kva aktivteter:

Fredag: Omvisning og vinsmaking hos Camilla Aasen på «Vingarden på Jølst».

Her er Camilla i full gang med å skape vestlandske råvarer om til moderne fruktvinar og eit nedlagt småbruk om til ein unik fruktvingard.

Introduksjon til rakfiskens verden, ved Finn Årdal/Jølstrauare.

Enkel kvelds/middag og overnatting på Lunde turiststasjon - og badestamp for dei som ynskjer det.

 

Laurdag: Frukost

Trekking/løfting av garn inst i Kjøsnesfjorden for dei som ynskjer det, og dei som ikkje vil vere med på skytebana, kan få kjøpe fiskekort og fiske.

Oppmøte på skytebana på Jølster frå kl. 11.00-13.00. Vi låner ut rifle og har med to lokale, kvinnelege rifleinstruktører.

 

Til overnatting; ta med med lakenpose/dyne- og putetrekk/ eller du kan leige hos Lunde turiststasjon.

Fiskestang/fiskeutstyr om du har. Du kan også få låne. Om du skal på skytebana; dei som har rifle/våpenløyve, ta med dette. Du kan få godkjent treningsskot og/eller storviltprøva. Ev. eigen ammunisjon.

 

Avsluttar med lunsj kl. 13.00-14.00.

Pris medlemmer kr 900/ ikkje medlemmer kr 1350

SKOT kjem i tillegg, pris 150 kr pr person.

 

Påmeldingsfrist innan søndag 21. juli 2024

Kontaktperson: Wenche Henden/95800056 wjohahe@gmail.com

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Arr. Jenteutvalet, NJFF Sogn og Fjordane i samarbeid med Jølster Jeger og Fiskarforeining.

Legg i kalender
KONTAKT

Wenche Henden

Tlf: 95800056

Del: