Jegerprøvekurs i Naustdal 2024

  • Fra:
    27.02.2024 kl. 18.00
  • Til:
    27.02.2024 kl. 21.00
  • Varighet:
    3 timer
  • Sted:
    Naustdal Skule
  • Pris:
    Medl: 1400,- / Ikke medl: 2200,-
  • Påmeldingsfrist:
    17.02.2024
  • Arrangør:

Informasjon om Jegerprøvekurs 2024 - Naustdal Jakt- og Fiskelag.

 

Program

Vi startar opp tysdag 27.februar kl 18 på Naustdal Skule (basen/klasserommet til 8.kl). Dei fleste samlingane vil gå på tysdagskveldar på skulen. Vi held på til kl 21 desse kveldane.

Kurset er på totalt 30 timar.

Dato

Samling

Timar

Tema

Oppmøte

Stad

27.2

1

3

Jakt og holdningar

Obligatorisk

Naustdal Skule

5.3

5

3

Artskunnskap

Inntil 2 fråver

Naustdal Skule

12.3

6

3

Lovar og reglar

Inntil 2 fråver

Naustdal Skule

19.3

7

3

Jaktformer

Inntil 2 fråver

Naustdal Skule

2.4

8

3

Ettersøk

Inntil 2 fråver

Naustdal Skule

9.4

9

3

Ivareta felt vilt

Inntil 2 fråver

Naustdal Skule

16.4

2

3

Våpen og våpenlov

Obligatorisk

Fosshalla

23.4

3

3

Jakt i praksis

Obligatorisk

Fosshalla/Ute

 

4

6

Skyting

Obligatorisk

Skytebane

 

Av praktiske årsaker tek vi dei mest teoretiske samlingane 1,5,6,7,8 og 9 først. So tek vi dei meir praktiske 2,3 og 4 når det vert lysare og meir vårleg mot slutten.

 

Samling nr 4 (Skyting) er ein heil dag, truleg ein laurdag. Den vert på ei av skytebanene i området. Vi kjem tilbake til dato, stad og praktisk gjennomføring av denne.

 

Det er obligatorisk oppmøte på samlingane 1,2,3 og 4. Ein kan ha inntil 2 fråver på samlingane 5-9.

 

Det er kommunen som er ansvarleg for gjennomføring av jegerprøveeksamen. Normalt er denne i siste halvdel av mai.

 

Påmelding

Påmelding innan 17.februar på njff.no.

 

 

Prisar

Medlem i NJFF: 1400,-

Ikkje medlem i NJFF: 2200,-

Prisen inkluderer lærebok og anna undervisningsmateriell.

 

NB: Dersom du ikkje er medlem, men skal melde deg inn, betaler du medlemspris.

Man betaler med kredittkort ved påmelding.

Medlemskap

For medlemspris må man vere eller bli medlem i Naustdal Jakt- og Fiskelag
(eller anna lokallag i NJFF).

Hovudmedlemsskap

790 kr

Barne- og ungdomsmedlem under 26 år

440 kr

Familiemedlemsskap (2 vaksne + ubegrensa antal barn)

1215 kr

Medlemsblad er inkludert i pris.

Legg i kalender
KONTAKT

Alf Erik Røyrvik

Tlf: 95889475

Del: