Det vert arrangert beverjakt for born og ungdom i Bygland. Vi reiser ut kveldstid til ein plass langs Byglandsfjorden, og sjekker rundt om vi finn teikn til aktivitet i området. Når vi har sjekka ut litt kor det er mest praktisk og greitt å sitje, vert vi fordela på ulike postar og sit der til mørkret kjem og vi ikkje kan skjote meir. Aldersgrense for å delta er 12 år. Er du 14 år og har jegerprøva, kan du sitje med våpen (hagle) ilag med ein av oss vaksne. Er du 16 år og har jegerprøva kan du sitje åleine med våpen (hagle, rifle) Du tek sjølv med det du mått ynskje av mat/godis, samt drikke. PÅMELDING! Meir informasjon om oppmøtestad, tidspunkt og utstyr kjem etter at påmeldingsfristen er utgått.
-
Fra:
16.04.2026 kl. 17.00
-
Til:
16.04.2026 kl. 21.00
-
Varighet:
4 timer
-
Sted:
Bygland
-
Pris:
Gratis
- Arrangør: