Introjakt på elg!

  • Fra:
    30.10.2026 kl. 19.00
  • Til:
    01.11.2026 kl. 16.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Statsallmenningen i Engerdal
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 500,-
  • Arrangør:

Velkomen til introjakt på elg på Statsallmenningen i Engerdal Kommune!!! Ja, vi skriv det med utropstegn for dette er noko vi er veldig entusiastiske av å tilby. 

Engerdal er Noregs største Statsalmenningen og vi tilbyr Introjakt på elg på  disse områdene til deg som vil prøve dette i lag med oss i Femund JFF. 

Engerdal Fjellstyre har vedtatt å gi Femund JFF mgoelgheit til å drive organisert rekrutteringsjakt på 2 dyr denne helga. Dette er 2 kalv eller ungdyr. Dei, som oss, vil gjøre ein innsats for å rekruttere inn fleire nye jegarar til elgjakta. Dette sett vi enormt stor pris på.  (OBS: KAN bli endra helg, presisering kjem omså seinare).

Det vil bli organisert overnatting for helga i koje/hytte/brakke avhengig av kva jaktfelt vi blir ved. Påmeldte må førebu seg på å delta aktivt med matlaging, oppsvask etc. 

Påmeldte jegarar må møte opp med godkjend storviltprøve og innskote gevær før jakta. 

Vi møtast fredag kl 19 for sjekk av papirar og teoretisk gjennomgang av elgjakt, lover og reglar. Vi ser også på korleis vi jakter gjennom helga. Kvar jegar får tilbod om å vere med oppsynsjegar og deltakarane skal få sitte på post og vere med å få med hund. Vi kjem til å jakte med både bandhund og laushund gjennom helga. Det vil også vere mogleg å lokke om forhalda tillet det. 
Ved fall vil det i ettertid bli arrangert ein slaktekveld/kurs, der deltakarar frå helga vil få tilbod om å kjøpe att noko kjøtt. 

Introjakt på elg er ope for deg som er ny jegar og/eller ny for jaktforma. Jegarar i alder 16-26 år har fortrinn og Engedal Fjellstyre (jaktsrettinnehaver) har sagt at ungdom frå Engerdal skal bli prioritert ved full påmelding. 

Spørsmål blir retta til per_hoye@hotmail.com. 

Meir informasjon blir lagt ut kontinuerlig her på sida etter kvart som ting blir klart. 

Vi kjem til å åpne påmelding litt seinare da vi får meir konkret på plass. Da kjem vi og til å legge ut nokre spørsmål her som du må svare på. 

Velkomen til Introjakt på elg med Femund JFF. 
 

Legg i kalender
KONTAKT

Per Jørgen Høye

Tlf: 99232597

Del: