Introjakt på rådyr

  • Fra:
    20.11.2026 kl. 18.00
  • Til:
    22.11.2026 kl. 16.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Statsalmenningen i Engerdal
  • Pris:
    Medl: 200,- / Ikke medl: 500,-
  • Påmeldingsfrist:
    16.11.2026
  • Arrangør:

Velkomen på Rådyrjakthelg med Femund Ung 20.-22. november. Bli med på rådyrjakt med hund på Statsallmenningen i Engerdal med dedikerte oppsynsjegarar med glød for at nettopp du skal få kjenne på gleda ved jakt. Vi jakter i fantastisk natur og har gode forhold for los og felling. Vi inviterar alle som vil prøve rådyrjakt med hund på vår Introjakt. Spesielt unge jegarar og nybegynnarar er hjertelig velkomne til å få ein introduksjon til jakt og rådyrjakt. Introjakt er ein fin arena til å komme seg ut på jakt for ungdom og dei som akkurat har tatt jegerprøva. Vi legg tilrette for god oppfølging av kvar enkelt med tydelege rammer og god opplæring. 

 

Engerdal Fjellstyre har på nytt gitt oss tillit og 2 rådyrløyver i år også. Dette sett vi utruleg stor pris på og tar som eit kompliment til vårt rekrutteringsarbeid for ungdom. Vi får jakte på heile statsalmenningen og veljer område etter kvar vi har mest tru kvar dag. 

Overnattingsplass sender vi ut til påmeldte. 


Vi møtast på overnattingsplassen fredag kl 18 for teori og middag. Her blir også framvisning av skyteprøve etc gjort. 
På laurdag og sundag jakter vi frå morgonen av. Vi møter dei andre oppsynsjegarane og planlegg jakta da. 


Avslutning blir sundag etter at jakta er ferdig. 

 

Femund JFF stiller med dedikerte oppsynsjegarar, kjentfolk, rådyrhundar, middagar og frokostar. 

Er du mellom 16-18år så får du drive opplæringsjakt på storvilt og kan ta med deg våpen og stå med ein av våre oppsynsjegarar. Er du over 18 år og har betalt jegeravgift så kan du få stå aleine om du vil. Ved jakt med rifle så må du ha skote storviltprøva og vise dette ved ankomst. Ungdom med alder 14 og 15 år er sjølvsagt velkomne til å vere med uten våpen og få vere med på spennande jakt etter vårt minste storvilt. Utlånserklæring må følge om du låner våpen. 

Det er moglegheit å få med seg rådyrkjøtt om vi får noko, ellers så sparer vi det og et i lag sidan. 
 

Spørsmål blir retta til per_hoye@hotmail.com. 

Femund JFF står for: 
- 2 frokost og 2 middag
- kaffi etc
- hytteleige
- grillpølser til lunsj
- dedikerte oppsynsjegarar
- tilrettelagt og trygg jakt. 

  • Sovepose eller sengklede
  • Innesko
  • Toalettsaker
  • Lunsj utover grilpølser. 
  • Kleder etter forhalda. Vott/handske/vante, ullgenser/dunjakke, buff/skjerf ullsokk.
  • Raud lue eller markering på klede
  • Våpen og egna ammunisjon om du har. (Utlånserklæring må følge om du låner. Er du under 18 år så skriv oppsynsjegar på ved frammøte)
  • Gode sko til forhald og evt truger eller ski om det er snø.
  • Sekk
  • Ekstra klede
  • Jaktradio (om du har)
  • GPS (om du har)
  • Kniv
  • Termos?
  • Kopp
  • Hørselvern. 
  • Dokumentasjon på storviltprøve og 30 obligatoriske treningsskot, om du nytter rifle. 
  • Snop/snacks. 
Legg i kalender
KONTAKT

Per Jørgen Høye

Tlf: 99232597

Del: