Åpen fiskedag i Daleelva

Laurdag 06.september arrangerar Dale JFL åpen fiskedag i Daleelva.

Publisert: 18. august 2025 kl. 09.08

Målgruppa er dei som ikkje har prøvd fiske i Daleelva og som ynskjer å prøve seg, både unge og gamle. Vi gir gode råd og guiding. Fiske er gratis og gjeld heile elva. Det kan fiskast laks og sjøaure. Det bra med fisk på elva.

Påmelding og utlevering av fiskereglar vil skje frå kl. 1200 og utover ved Dale Klekkeri. Fiske varer fram til kl 1500. Ta med heile familien til ein triveleg dag ved Daleelva.

Husk at alle som er over 18 år, må ha løyst fisketrygdavgift.

Husk redningsvest!

Sal av kaffi, brus, pølser og vafler.

I tillegg vil Dale musikkforening foreta andeslepp kl. 15:30.

Vel møtt til ein triveleg dag ved elvekanten!