
Kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag 2025
Har du eit anadromt vassdrag i nærområdet ditt som du ynskjer å få gjort tiltak i for å betra tilhøva for fisken? Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg.
Publisert: 28. mai 2025 kl. 10.33
Vestland fylkeskommune har gjennom sine 9 vassområde kartlagt mange av dei viktige anadrome elvane i fylket mellom anna med midlar frå miljødirektoratet og statsforvaltaren. Det er eit mål å få gjennomført habitattiltaka som er foreslått i rapportane. For å lukkast med dette må me auke kunnskapen om kva arbeidet går ut på hjå lokale fiskar‐ og grunneigarlag. Det vart gjennomført 3 kurs i Vestland i 2024 med gode tilbakemeldingar, og i år vil me tilby 2 nye kurs i fylket; Alver kommune og Stord kommune. Kursa er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NJFF Hordaland, Stordøy Jeger- og Fiskeforbund, Mjåtveitelvens foreining i lag med vassområda Nordhordland og Sunnhordland.
Gjennomføring:
22-23 august 2025, kurs i Mjåtveitelva, Alver, kontaktperson Roba Al Serhan roba.al.serhan@alver.kommune.no
19-20 september 2025, kurs i Petarteigselva Stord, kontaktperson: Kari Bjørndal kari.bjorndal@vlfk.no
Kursa vert gjennomført frå fredag ettermiddag til og med laurdag med overnatting for tilreisande. Kursa er gratis for deltakarane med stønad frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Reise til og frå kurset må dekkast sjølv. Det må vera minst 10 stk. påmelde for at kurset vert gjennomført.
Det kan også vera mogeleg å delta for vidaregåande skular, kommunar og entreprenørar. Det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.
Påmelding:
Påmelding til kurs vert sendt til Hordaland jeger og fiskarlag på e-post: hordaland@njff.no
Spørsmål om kursa kan rettast til regionsekretær Terje Wangsholm
Frist for påmelding er 22.6.2025
PROGRAM
Fredag
17.00 Velkommen og presentasjon
17.10 Kort om kartleggingsprosjektet for sjøaurestatus og litt om arbeidet med vassmiljø v/vassområdekoordinator
17.20 Kort om status for sjøaurebestander i Vestland v/Statsforvaltaren i Vestland
17.35 Kva er ein god sjøaurebekk? – sjøaurens biologi og habitatbruk v/biolog frå konsulent
18.10 pause
18.30 Gode habitattiltak i ein sjøaurebekk i dårleg tilstand –v/biolog frå konsulent
19.15 Framgangsmåte for å gjennomføre tiltak: planlegging, søknadar, gjennomføring og etterarbeid v/Statsforvaltaren i Vestland
19.30 Avslutning
20.00 Middag
Laurdag
09.30 Oppmøte ved (stad)
Befaring og analyse av bekk v/biolog frå konsulent
Gjennomføring av habitattiltak
11.30 Lunsj
12.30 Fortsette arbeidet i bekken
15.30 Oppsummering og avslutning
16.00 Heimreise
Ta med støvlar eller vadarar og hanskar grafse og spade om du har dette.