Hytter

Stordøy JFL eig to hytter, Budalsbu og Steinhytta i Stord- fjellet som du kan leige, og i tilegg disponerer me Husøya - ei øy i hamnebassenget til Leirvik som medlemmer i Stordøy JFL kan leige.

Steinhytta - ei perle i Stord- fjellet

Utsikt frå hytta på Husøya

​​​​Ta med eige utstyr til overnatting og matstell, gløym ikkje mjøl og salt til steiking av fisk, du er nemleg garantert fangst! Begge hyttene er flotte utgangspunkt for jakt, fiske eller fotturar i fjellet.

Med bakgrunn i samarbeidsavtalen mellom Stord kommune sin Velferdsklubb (Ve & Vel) og SJFL, kan medlemmer i Stordøy JFL låna denne flotte plassen på lik linje som medlemmar i Ve & Vel.

For meir informasjon om hyttene, sjå informasjon om Budalsbu, Steinhytta og Husøya.

Leige av Steinhytta og Budalsbu ta kontakt med; Jan Olav Markhus tlf.40404618
Leige av Husøya ta kontakt med; Espen Lamo, tlf. 97552047
 

​Budalsbu ligg ved bredden av Budalsvatnet om lag 2 timer gange frå fra Vatnadalen eller Rydlandssaga.

Hytta har to køyer med god plass til tre personer. Ved Budalsbu er det gode moglegheter for å slå opp telt, viss ein ynsjer å vera fleire enn det er plass til i hytta.

Budalsbu er utstyrt med kjøkkenutstyr og gassapparat og ved. Det er naudsynt å ta med sovepose, lommelykt/lampe, stearinlys,
tørkehandkle, fyrstikker og toalettpapir i tillegg til mat når ein besøker hyttene. Det skal vera tørr ved på hyttene.
Hytta er utstyrt med garn.

All mat, tomgods og avfall skal taes med heim. Det er hengt opp enkle hyttereglar i hyttene, og respektere alle desse reglane, blir neste besøkande sitt opphald hyggeleg. Meld ifrå om det der er noko som manglar, dårleg reinhald mm når du returnerer nøkkelen til Jan Olav Markhus.

Ein svært idyllisk plass!

Ole Kristoffer Laastad (t.v.) og Sjur Leivestad slapper av inne i Steinhytta.

​Steinhytta ligg i nordre del av Tysevatnet om lag 1,5 time gange frå kraftstasjonen på Lundsæter. Første delen av turen går opp til søre enden av Tysevatnet, der ligg det robåt i naustet som ein kan bruka inn til hytta.

Ta gjerne med garna frå naustet, du er nemleg garantert fisk til middagen. Hytta har 4 køyer, med plass til 6 personer. Ein har store fiske, tur og jakt moglegheiter, med utgangspunkt frå Steinhytta.

Hytta er utstyrt med kjøkkenutstyr og gassapparat og ved. Det er naudsynt å ta med sovepose, lommelykt/lampe, stearinlys, tørkehandkle, fyrstikker og toalettpapir i tillegg til mat når ein besøker hyttene. Det skal vera tørr ved på hyttene.

All mat, tomgods og avfall skal taes med heim. Det er hengt opp enkle hyttereglar i hyttene, og respektere alle desse reglane, blir neste besøkande sitt opphald hyggeleg. Meld ifrå om det der er noko som manglar, dårleg reinhald mm når du returnerer nøkkelen til Jan Olav Markhus

SJFF har inngått samarbeid med velferdsklubben "Ve og vel" i Stord kommune om utleige av Husøyo. Som medlem i SJFF kan du leiga denne flotte øya på lik linje som medlemmane i velferdsklubben.

Idylliske Husøya

​​Hytta har innlagt straum, 2 soverom med køyeseng pluss hems, eget kjøkken og stove. 

Vatn er på utsida. Det følger med båt med 10 hk påhengsmotor. Båten ligg i båthavna på Leirvik. Flotte forhold for både bading og fisking. Knallgod krabbeplass. 

Om ønsker å leiga denne idylliske plassen like utanfor Leivik sentrum kan du kontakte Espen Lamo, tlf: 975 52 047