Me i Aure Jeger- og Fiskeforeining ynskjer å få til ein felles kveldstur til Storfonna i løpet av sommaren, og håpar at du og dine har lyst å bli med! Me kjem til å lage til felles kveldsmat på toppen av fjellet, og om me er heldige kan me nyte maten med ei fin kveldssol. Alle som vil kan delta på denne turen, men dersom du ynskjer kveldsmat er det supert om du sender ein mld. til Tiril (48038045) og gjer beskjed :)
Datoen er ikkje hundre prosent fastsett, då me vil prøve å få det til ein kveld med fint vêr og grei temperatur. Me startar turen frå parkeringa på Litjfonna kl. 19.00. Turen til toppen er om lag 1,6 km lang og relativt bratt. Dette skal vere ein triveleg tur, og tempoet vil derfor bli tilpassa gruppa, uavhengig av alder og form. Dersom ein veit om fleire som har tenkt å bli med på tur, er det flott om de får til å samkøyre opp til Litjfonna, då det er begrensa med parkeringsplassar.