Isfiske-konkurranse på Ledalsvatnet 22.02.26

  • Fra:
    22.02.2026 kl. 11.00
  • Til:
    22.02.2026 kl. 14.00
  • Varighet:
    3 timer
  • Sted:
    Ledalsvatnet, Kjørsvikbugen
  • Pris:
    Gratis
  • Arrangør:

Påmelding til Tiril på 48 03 80 45 innan torsdag 19.02.2026 kl. 13:00. Me ynskjer minst 10 deltakerar påmeldt for at konkurransen skal arrangerast. Gje beskjed om du tar med eigen maggot og stang, slik at me veit kor mykje me skal få tak i :)

Me prøvar oss på ein fiskekonkurranse på Ledalsvatnet, 22.02.2026 kl. 11:00. Det blir denne gangen også avhengig av om isen held seg! Det blir bålpanne og moglegheiter for å grille seg ei pølse eller to, samt marshmallows og kaffi/ varm saft til dessert! 

Konkurransen vil vare frå kl. 11:00 - 14:00 dersom vèret tillèt oss å halde på så lenge, om det blir veldig kaldt vil me vurdere å korte ned fisketida. Dette kjem me tilbake til på dagen. 

Reglar:

- Det skal fiskast med stang

- Fiske skal skje innafor konkurransetida 

- Det er ein individuell konkurranse, og ikkje lov å stille med lag (med unntak av barn som treng hjelp av vaksne eller eldre barn) 

- Konkurransen gjeld for alle aldre, men trekning av siste premie gjeld berre deltakerar under 18 år 

 

Det vil bli premiering av:

- Størst fisk i kg 

- Flest antall fisk 

- Det vil bli trekning blant alle konkurranse- deltakarane for den siste premien

Nb. Dersom ein deltakar har både størst fisk i kg og flest antall fisk, vil eine premien gå vidare til nestemann

Husk å ta med: 

- Noko varmt å sitte på, gjerne stol om du har 

- Varme kle 

- maggot om du har

- isfiskestang (Me har isfiskestenger til utlåns, dersom du ikkje har) 

Dette blir bra! Håpar så mange som mogleg tar turen, og at det vert ein spennande konkurranse. Det er berre kosleg om folk kjem innom for å seie "hei", og ta ein kopp kaffi, utan intensjonar om å fiske :) 

Legg i kalender
KONTAKT

Tiril Ljones Lønningen

Tlf: 48038045

Del: