Fiskesommar- arrangementet på Tunga Villmarksleir vart ein suksess!

Med strålande sol og blide deltakarar, vart det ein knallfin dag ved Tunga Villmarksleir på Tustna.

Publisert: 03. august 2025 kl. 20.03

Det vart grilling, fiske, og mykje bading på Tunga Villmarksleir i helga! Bettet var ikkje på topp denne gongen, men det vart nokre aure på snik og oter, som dei heldige grilla med smør og salt til kveldsmat. Til lunsj vart det servert grillpølser, med marshmallows og kanelsnurrar til dessert. Med andre ord var energinivået på topp heile dagen! 

Me var ein god gjeng som overnatta på leiren, og kvelden gjekk til båling, musikk og nattbading. Tusentakk til dei som møtte opp for eit triveleg arrangement, og takk til Tustna Idrettslag for leige av den fine leiren. 

Leif "slappar av" etter bading.
 
Det gjerast klart for dagen.
 
Liten kveldstur med kano
 
Halldor prøvar fiskelukka.
 
Halvsvidde kanelbollar gjorde susen.