Vellukka dag på isen!
Isfiske på Ledalsvatnet i Kjørsvikbugen var ein suksess! Takk til dei som møtte opp, og håpar de hadde ein kjekk dag.
Publisert: 01. februar 2026 kl. 18.19
Sist oppdatert: 01. februar 2026 kl. 18.36
Søndag 01.02.26 arrangerte me i Aure Jeger- og Fiskeforeining isfiske på Ledalsvatnet. Rundt 40 barn og vaksne møtte opp for å fiske, stå på skøyter og grille! Me kunne ikkje bedd om betre vær, og med ein tålmodig gjeng vart det fisk etterkvart.
Dersom isen held seg ei stund til, lurar me på å arrangere ein isfiskekonkurranse på Ledalsvatnet, evt. på andre vatn, me tar gjerne i mot tips. Gje Tiril (48038045) ein lyd dersom dette er noko du kunne tenke deg :)
Tusentakk til alle som møtte opp, og var me på å gjere dette til ein trivleg dag!