
Laksefiske 2025
I sesongen 2025 vert heile Ørstaelva open for fiske etter laks i tida frå og med 15.06 til og med 31.07.
Publisert: 03. juni 2025 kl. 22.28
Sist oppdatert: 04. juni 2025 kl. 08.08
I sesongen 2025 vert heile Ørstaelva open for fiske etter laks i tida: Frå og med 15.06 til og med 31.07. Styret har fullmakt til å stenge/regulere elva på kort varsel. ØRSTAELVA VERT STENGT FOR FISKE ETTER SJØAURE I 2025
Fangstavgrensing pr.person: 1 laks/pjakk pr. fiskar pr. døgn. Det er i år innført sesongkvote på max 4 fiskar pr. person, der laks og pjakk tel likt. Det er kun høve til å kjøpe eit fiskekort pr. person pr. 6 timar pr. sone. Det er frå og med i år nattestenging bortsett frå sonene Ose og Mo.
NB. Frå Osebrua til sjøen er «FLUGESONE ØJFF». Vi gjer merksam på at minstemålet no er 35 cm for laks. Me gjer merksam på at all rapportering av fangst skal skje via Elveguiden og at fiskarane er pliktige til å levere fangstoppgåver. Fiskarane skal og levere skjelprøver av all fanga fisk. Desse leverast i oppsette postkasser på sonene eller til grunneigar/kortseljar. Skjelprøve-posar ligg i eigne kasser på sonene eller kan skaffast hjå kortseljar.
DESINFISERING AV FISKEUTSTYR.
For å desinfisere i Ørstaelva må du kjøpe Elvekortet via Elveguiden for Ørstaelva. Alle som skal fiske i Ørstaelva pliktar å sørge for at fiskeutstyr, vadestøvlar og vadebukser ikkje kan tilføre vassdraget smitte frå andre elvar, dei må derfor få utstyret desinfisert på Eiksenteret i Ørsta (industriområdet på Mo).
Kortsal: henv. Elveguiden, grunneigarar. Kontaktperson: Sindre Moe tlf. 47324691
NB. Sjå eigne oppslag om desinfeksjon av utstyr.
Ørstavassdraget Elveeigarlag