Fiske

Ørsta JFF har eit breitt fisketilbod til medlemmane. Ifrå ein kveldstur med mark og dupp i eit stille vatn til laksefiske eller djupvassfiske i fjorden.

​​​Ørsta JFF har eit breitt fisketilbod til alle medlemmene sine i både ferskvatn, elv og sjø. Både for dei som vil ta ein fin kveldstur sammen med barna å fiske krede eller for dei meir hardcore som står timesvis i lakselva i ausande regn, for den som vil ut ein kveld å dra makrell eller den som interesserer seg for kultivering og fiskestell. Ørsta har fleire båtar og gratis fiske for medlemmane sine som ønsker å bruke dei moglegheitene. Plassert midt mellom kysten og Sunnmørsalpene så har du her alle typer fiske innenfor ein times radius. Under finn du litt info om dei forskjellige tilboda Ørsta JFF har for medlemmane sine.

 

Hovdevatnet

Fisket i Hovdevatnet er veldig bra. Vatnet har ein fin bestand av både Røye og Aure. Det finnes også storaure i vatnet og årlig vert det tatt aure på over 3kg. For å holde på den fine bestanden med fisk så drives aktiv kultivering av grunneigarane i samarbeid med Ørsta JFF. Ørsta JFF har 3 kort i Hovdevatnet som kan brukast gratis av medlemmane. Det er nok å ta med medlemskort i Ørsta JFF om du ønsker prøve lykka i dette flotte fiskevatnet.

 

Vatnevatnet

I Åmdalen ligg Vatnevatnet, i enden av Åmdalselva. Vatnet har både Røye og Aure, i tillegg til Sjøaure og Laks. Foreninga har båt på Vatnevatnet til benyttelse for medlemmene.

 

Ørstaelva

Ørstaelva er kjend som ei smålakselv ifrå gammalt av, men siste åra har snittstorleiken auka flott. Elva har også hatt ei fin stamme med flott sjøaure, men denne har gått noko ned siste åra. Laksen derimot er på vei imot gamle høgder, med fangst på heile 4004kg i 2011. 2012 var noko dårligare. Det er vanlegvis enkelt å få kort i Ørstaelva, og er du medlem så kan du fiske gratis tirsdag kvelden heile sesongen på Ose og Mo om du har nok dugnad.

 

Klekkeriet

Kultiveringsarbeidet i regi av Ørsta JFF starta i 1960 når klekkeriet i Åmbøfossen var ferdig.

I nyare tid vart klekkeriet flytta til kjellaren av ungdomskulen der Ørsta JFF også har sine klubblokale. Her vert det kultivert både laks og innlandsaure på eit veldig proffisjonelt vis.

 

Sjøfiske

Ørstafjorden er ein fiskerik fjord, med ein solid bestand av fjordsild som gjer at der er mange niser også. Det kan fiskes ifrå land stort sett rundt heile fjorden. Med båt er ytre del rundt Raudøya og ute i Storfjorden veldig populært. Ørsta JFF disponerer ein båt som alle medlemmer kan nytte gratis, einaste kravet er at du fyller opp igjen bensintanken i etterkant, og sjølvsagt forlet den i like bra stand som når du kom der.