Jegerkurs tek til 10. april - 26.
Kurset går over to helger. Tek til fredag kveld 10. april og vert avslutta helga etter, 19. april.
Publisert: 09. februar 2026 kl. 21.21
Meir infor om påmelding og betaling via aktivitetkalenderen. Nb det er kun påmelding her.
Kr. 3200 for medlemmer og kr 3500 for ikkje medlemmer.
Samling 1 .Fredag 10.4.26. Kl 18 – 21 Stad. Klubblokala i naustet ved Årneset friluftsområde, Rotevatnet. Tema: Jakt og holdninger. Ved Hans Martin Dypvik (HM)
Samling 2. Laurdag 11.4 kl 9 – 12 Våper og våpenlovgivning . Ved Joakim Pettersen (JP). Stad: i dei same klubblokala på Årneset.
Samling 3 Laurdag 11.4 Kl. 12 -15. Ved klubblokala: Human og sikker jakt i praksis. Her skal vi gjennom mykje, handtering av våpen i terreng, uta av bil, kart og gps. Ved HM og JP.
Samling 4. Søndag 12.4 kl 10 – 16. Praktisk skyting hagle/ rifle. Sollia skytebaner ved Mork i Volda Ved JP, HM, og andre instruktørar. Ta med mat og varme klede. Du må sjølv kunne ta deg opp til skyteanlegget. Vi held alt skyteutstyr, men ta gjern med deg øreklokke dersom du har det.
Neste helg 17, 18 og 19 aprili -26:
Her kan du vere borte to av samlingane mot at du gjer «lekser» det vi seie at du svarer på spørsmål på e-lærings-opplæringa. Kvittering for bestått sender du til Joakim Pettersen: joakimpettersen444@hotmail.com . Kvar samling har eit nummer som du finn i oversikta under. Vi gjennomfører ikkje samlingane kronologisk denne helga. Som du ser så begyner vi fredag med nr. 6 som handlar om lover og foreskfrifter.
El.læring med testane finn du her: https://www.trainingportal.no/md/open.html og dei kan du leike deg med uansett.
NB. Denne helga er det skifestivalen X2 der mange camper på Årneset og du må parkere andre stader, f.eks på stadion like ved.
Fredag 17. april kl. 18 – 21 Lover og forskrifter med: JP i klubblokala på Årneset friluftsområde Rotevatnet (Dette er samling nr. 6.)
Laurdag 18. april kl. 09. – 12. Ettersøk av skadet vilt ved JP i klubblokala på Årneset friluftsområde.(Dette er samling nr. 8)
Laurdag 18. april kl. 12 – 15. Artskunnskap ved JP i klubblokala på Årneset friluftsområde. (Dette er samling nr 5.)
Søndag 19. april Kl. 09 – 12. Jaktformer med JP i klubblokala på Årneset friluftsområde. (Dette er samling nr 7).