Jegerkurset tek til 19. april - 24

Det vert jegerkurs over to helgar med oppstart fredag 19. april kl. 18-21 NB ny stad: Kubb-Naustet til Volda Jeger og Sportsfiskarlag ved Årneset badeplass Rotevatnet. Søndag 21 kl. 09-15 skal vi vere på skytebane i Sollidalen ved Mork heile dagen. Første helg er alt obligatorisk. Ellers held vi til på Årneset. Den andre helga er fredag 25.4 og til og med søndag 28.4. Årneset.

Publisert: 22. april 2024 kl. 08.48

 

Det vert jegerkurs over to helgar med oppstart fredag 19. april kl. 18-21 i klubblokala ved Årneset  badeplass i Volda. Dagen etter er det delvis utedag kl 9-15 med oppmøte i Naustet. Frå kl. 12 ute, så ta med tette sko og utekle og gjerne mat.
 

Oversikt

Samling 1.Fredag 19.4.24. Kl 18 – 21 Stad. Klubblokala i naustea ved Årneset friluftsområde Rotevatnet. Tema: Jakt og holdninger. Ved Hans Martin Dypvik (HM)

Samling 2. Laurdag 20.4  kl 9 – 12 Våper og våpenlovgivning . Ved Joakim Pettersen (JP). Stad: i dei same klubblokala på Årneset.

Samling 3 Laurdag 20.4 Kl. 12 -15. Ved klubblokala: Human og sikker jakt i praksis.  Her skal vi  gjennom mykje, handtering av våpen i terreng, uta av bil, kart og gps. Ved HM og JP.

Samling 4. Søndag 21.4  kl 10 – 16. Praktisk skyting hagle/ rifle. Sollia skytebaner ved Mork i Volda Ved JP, HM, Roger Bjørdal og Knut Magne Driveklepp. Ta med mat og varme klede. Du må sjølv kunne ta deg opp til skyteanlegget.  Vi held alt skyteutstyr, men ta gjern med deg øreklokke dersom du har det.

Neste helg:

Her kan du vere borte to av samlingane mot at du gjer «lekser» det vi seie at du svarer på spørsmål på e-lærings-opplæringa. Kvittering for  bestått sender du til HM på e-post: [email protected] Kvar samling har nummer som du finn i oversikta under. Vi gjennomfører ikkje samlingane kronologisk denne helga. Som du ser så begyner vi fredag med nr. 6 som handlar om lover og foreskfrifter.

El.læring med testane finn du her: https://www.trainingportal.no/md/open.html og dei kan du leike deg med uansett.

 

Fredag 26.4 kl. 18 – 21 Lover og forskrifter med: HM i klubblokala på Årneset friluftsområde Rotevatnet (Dette er samling nr. 6.)

Laurdag 27.4 kl. 09. – 12. Ettersøk av skadet vilt ved HM i klubblokala på Årneset friluftsområde.(Dette er samling nr. 8)

Laurdag 27.4 kl. 12 – 15. Artskunnskap ved JP i klubblokala på Årneset friluftsområde. (Dette er samling nr 5.)

Søndag 28.4 Kl. 09 – 12. Jaktformer med JP i klubblokala på Årneset friluftsområde. (Dette er samling nr 7).

 

Kurset  kostar ca. 3.300 kroner per person. Medlemmer får 300 kroner i avslag. Medlemskap for dei under 26 år kan du få frå 300 kroner. Dermed kan dei under 26 år få «gratis» medlemskap med tilgang til gratis medlemskaps kanoar, kajakk og fiskebåtar. På fjellet har vi ei jakt- og fiskehytte.For å bli medlem i Volda Jeger og Sportsfiskarlag scanner du QR koden under og vel medlems-katergori (Til dømes Barn/ Ungdoms-medlem utan medlemsblad = 300 kroner. Fullpris  for vaksne er 970 kr. per år). Til kurset held vi  alt skyte-utstyr. Når du tek eksamen betaler du ei eksamensavgift til staten på kr 340.

Dersom du IKKJE er medlem men ønsker det, scan denne QR-koden:

HMsQRmedlemsVervingskode.JPG

 

 

NB. 

Det er kun skrifteleg påmelding og den finn du her (frist 17.4):

https://www.njff.no/more-og-romsdal/volda/aktivitetskalender/jegerprovekurs-volda-april-24-pa-to-helger

 

 

Helsing: Hans Martin Dypvik  Tlf: 91102154 og Joakim Pettersen 478 27 978

Vi tek forbehold at det  vert minst 10 deletakarar, men per i dag har vi fleire enn det som vil begynne.

--- 

Det er Hans Martin Dypvik og Joakim Pettersen held kursa i Volda. Joakim kan du følgje på ein av landets mest populære jaktblogg: jegerbloggen.com og  på diverse sosiale medier slik som FB: https://www.facebook.com/jegerjoakim/?locale=nb_NO

Vi har lang erfaring med slike type kurs og hausten 2022 hadde vi 25 elevar på kurs og alle stod på eksamen ved første forsøk.I 2023 hadde vi 20 deltakarar som det også gjekk bra med!

Spørsmål kan rettast til Hans Martin Dypvik via epost: : [email protected]. men påmelding blir på via ei anna andresse. Vi bruker å ha plass til alle som melder seg på.