Familiefiskedag ved Buaråne

Tradisjon tro arrangerer Vestre Slidre jeger og fiskarlag familedag ved Buaråne.

Dette er ein uhøytidelig fiskekonkurranse for store og små med gode premier ! Det er og sett ut stor fisk i Buaråne i forkant - håper flest muleg av desse vert fanga på familiedagen.

I kjent stil vert det servert smaksprøver av aure/abbor og sik i både stekt og røykt form. Den som ikkje kan filetere kan og sjå på dette innimellom servering.

Kom innom på søndag da - har du ikkje fiskestang/mark/utstyr låner du dette gratis av oss og vi lærer deg korleis du bruker det. 

Vestre Slidre jeger og fiskarlag har og eige Facebookside der arrangement og info om kva som skjer i foreninga blir lagt ut: https://www.facebook.com/groups/vsjfl/

 

Lenke til Google maps: 

https://maps.app.goo.gl/PemQxAnAngBCJA398

 

 

Legg i kalender
KONTAKT

Tom Erik Skogheim

Tlf: 41250526

Del: