Introjakt på sel

Har du ein seljeger i magen? Bli med oss på seljakt.

Publisert: 29. desember 2023 kl. 23.13

Sist oppdatert: 05. februar 2024 kl. 12.26

1.Januar opnar seljakta i Rogaland. Det kan då jaktast på steinkobbe. I den anledning inviterer vi til introjakt på sel søndag 7. januar, om vær og vind tillet det.

Kontakt Krister eller Kristian for å bli med. Vert det mange påmelde blir det trekning om kven som får bli med på første turen. Sannsynleg vil vi ta med 2 jegerar på opplæringsjakt. Vi vil sannsynlegvis gå ut med båt frå Randøy eller Årdal.

For å kunne jakte på sel må ein ha godkjent skyteprøve for storviltjakta 2023/2024. Ein må og ha fått innvilga løyve til jakt frå Rogaland Fylkeskommune.

Søknadsskjema for seljakta i Rogaland finn du her. Har du fått godkjent løyve er du klar til å bli med!

Når ein skal på seljakt må ein kle seg etter vær og forhold. Det anbefalast ikkje å ta på seg dei finaste jaktklea ein har. Skulle ein være heldig å skyte sel vil ein oppleve få ein breidspektra opplevelse i lukter og fargar. Dette er lukter som set seg i kle og utstyr. Regnkle oppå gode varme kle er ideelt, og realtivt vanntett og varmt skotøy.

 Flytevest eller anna flyteremedie er sjølvsagt. Utover dette er dette fint å ha med seg:

Rifle
Kikkert
Mat
Drikke
Skarp og god kniv
Eingongshanskar
Varme hanskar/votta

Kontaktoss:

Krister [email protected]

Kristian [email protected]