Apportprøvekurs

  • Fra:
    12.07.2025 kl. 10.00
  • Til:
    12.07.2025 kl. 17.00
  • Varighet:
    7 timer
  • Sted:
    Ytre Hafstad barnehage, Førde
  • Pris:
    Medl: 400,- / Ikke medl: 600,-
  • Påmeldingsfrist:
    11.07.2025
  • Arrangør:

Invitasjon til apportprøvekurs i Førde

Fuglehundutvalet inviterer alle interesserte til apportprøvekurs laurdag 12. juli kl. 10.00. Oppmøte ved Ytre Hafstad barnehage.

Vi er glade for å kunne ynskje Hans Nordnæs velkomen som instruktør! Hans er jaktprøvedommar, snart ferdig utdanna apportprøvedommar, og har mange premiar frå apportprøver å vise til.

Han vil gje oss ei innføring i korleis apportprøver fungerer, og korleis ein kan trene mot slike prøver. Kurset er i hovudsak teoretisk, men vi avsluttar med ei praktisk økt i terreng, der vi får demonstrert og prøvd ut sporapport.

Kurset passar for alle som ønskjer å lære meir om apportprøver – enten du er nybyrjar eller har litt erfaring frå før. Ta med skrivesaker, godt humør – og hund dersom du ønskjer å teste ut sportrening på slutten av kurset.

NB! Skal hunden delta i dei praktiske øvingane, er det ein fordel at den har grunnleggjande apportferdigheiter. Ta med eige apportobjekt.

Den teoretiske delen føregår i lokala til Ytre Hafstad barnehage. Hugs at hund ikkje kan vere med inn – den må i så fall vente i bilen. Den praktiske delen vert gjennomført i nærliggande terreng, nærare informasjon om stad kjem seinare.

 

Pris:

  • Medlem: kr 400,- per person
    (+ kr 200,- for ekstra person frå same hushaldning)
  • Ikkje-medlem: kr 600,- per person
    (+ kr 300,- for ekstra person frå same hushaldning)
 

Vel møtt til ein lærerik og inspirerande dag i godt selskap!

Ved spørsmål, kontakt:
Adele Haaland Personbråten
E-post: adelekhp@gmail.com
Telefon: 970 75 874

Legg i kalender
KONTAKT

Adele Haaland Personbråten

Tlf: 970 75 874

Del: