Ettersøk vidaregåande 2026

  • Fra:
    17.04.2026 kl. 18.30
  • Til:
    19.04.2026 kl. 15.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Hyen
  • Pris:
    Medl: 2800,- / Ikke medl: 3800,-
  • Påmeldingsfrist:
    16.04.2026
  • Arrangør:

NJFF Sogn og Fjordane ved Ettersøksutvalet arrangerer kurset Ettersøk Vidaregåande i lag med Hyen JFF.

Kurset er obligatorisk for deg som skal gå offentlege ettersøk (kommunale ettersøk).

Krav for å delta:

  1. Du må være registrert i Jegerregisteret
  2. Du må ha ført eigen hund til godkjent ettersøkshund og er eller har vore registrert i Ettersøkshundregisteret
  3. Du må ha bestått del 1 som er e-læring, og som vi går gjennom på kurset med påfølgjande eksamen på kurset. Av erfaring anbefalar vi at du er deltakar på heile kurset, sjølv om har teke del 1 heime.

Praktisk info

Dato: 18.-19- april 2026 - Laurdag frå kl. 14 til søndag ca kl 15.00

Stad: Nesholmen leirstad
-https://maps.app.goo.gl/bcgJkTnCEY9xsDcC7

Prisar

Deltakarprisen inkluderer kursmateriell, pausemat og felles middag laurdag.

Medlem i NJFF - kr 1 600,00
Ikkje medlem - kr 2 100,00

Påmeldingsfrist: innan 12. April 2026.
Har du matallergi/-intoleranse må du gje beskjed om det ved påmelding.
Det er høve til å ha med eigen hund på kurset. Dersom du tek med hund ynskjer vi tilbakemelding om det ved påmelding.

Pensum:

  1. Lover og forskrifter
  2. Skotreaksjon, skotplass
  3. Sporutredning med og utan hund
  4. Ekvipasje, trening
  5. Trafikk ettersøk og utstyr
  6. Våpen og avliving
  7. Ettersøk og ansvar
  8. Sikkerheit
  9. Demonstrasjon av skot i tett vegetasjon

Ta med deg:

  1. Kle og sko til å vere ute i – sjekk vêrmeldinga
  2. Hørselvern
  3. 40 rifleskot (treningsskot) og rifle
  4. Dokumentasjon frå Jegerregisteret
  5. Dokumentasjon frå Ettersøkshundregisteret
  6. Dokumentasjon/kursbevis frå del 1 

Instruktørar:

Forbundsinstruktør Ettersøk: Ann Kristin Gaare og ettersøksutvalet i Sogn og Fjordane
Hilde Rotihaug
Rune Eriksen

Program:

Laurdag:

Oppmøte, registering og gjennomgang av program på Aa-bakkane (skytebana) i Hyen. 
Start teorileksjon:

14.00 - 18.30 Praktisk leksjon:
Utandørs ved skytebana i Hyen – kle deg etter værmeldinga

  1. Skot- og skadestadundersøking i praksis

19.00 Felles middag og sosialt samvær

Søndag

09.00- 11.30 Teorileksjon:

  1. Ettersøksekvipasjen
  2. Ettersøksteknikk
  3. Forsikringer
  4. Diskusjon-/spørsmålsrunde

11.30-12.00 Lunch

12.00-15.00 Utandørs på skytebana i Hyen

  1. Praktisk skyting. Hugs å ha med hørselvern, våpen og våpenkort, sluttstykke, ca 40 skot. Det er ikkje høve til å kjøpe ammunisjon på staden.

Ca. 15.00 Oppsummering, samandrag og avslutting

Har du spørsmål kan du kontakte leiar i Ettersøksutvalet Ann K. Gaare tlf 41200591 (etter kl. 16) eller e-post


OvernattingDu kan bestille overnatting på Nesholme: Nystova har opphaldsrom med kjøkken, i tillegg til soverom, bad, dusj og toaletter. Soveromma har enkeltsenger eller enkeltseng og køyeseng. Alle rom har vask. Ring Nesholmen for bestilling på 90 92 45 00)

 

Med vennleg helsing

Ann K. Gaare

Ettersøksutvalet NJFF Sogn og Fjordane

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

 
Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: