Foto: Linn Marie Leknes
Har du lyst å vere med oss på ei helg med masse kjekke aktivitetar? Vi er ein god gjeng kvinner som likar friluftsliv, jakt og fiske. Nokre har mykje erfaring, andre er litt nybegynnarar. Uansett er det fint å dele friluftsopplevingar og ha det kjekt saman. Kvinnekontakter i Eid jakt- og fiskelag, Vågsøy jakt- og fiskelag og Flora Jeger- og Fiskerforening inviterer deg til Eid 5.-7. juni. Arr. er i samarbeid med jenteutvalet i NJFF Sogn og Fjordane.
Vi planlegg å overnatte i friluft; telt, lavo, hengekøye, men det er også mogeleg å ta med bubil elller liknande om du ynskjer. (Det er fin bilveg heilt fram til leirplassen). Det vert mykje matlaging på bål og med primus. Ikkje så dumt å kunne tilberede sin eigen mat med tanke på eigenberedskap!
Du får også sjansen til å trene med hagle og/eller rifle på det flott anlegget på Tua. Det vert med erfarne instruktørar, og det vert demonstrasjon av våpenstokkar som passar godt til kvinner, samt korleis ein vedlikeheld våpen.
Program fredag
Vi etablerer camp ved Asbjørnstova, ei grillhytte som ligg flott til i Fladalen.
Sosialt rundt bålet, vi lagar kvelds og kosar oss i junikvelden.
Kanskje nokre vil fiske/setje garn?
Program laurdag
Etter ein god frukost og bålkaffi, er planen å vere ved Langevatnet der Eid jff har ein fin leirplass. Her er fritt fram for ulike aktivitetar; fiske, kanotur, bålkonkurranse m.m.
Program søndag
Skytetrening på Fellesanlegget Tua.
Våpendemonstrasjon.
Du kan ta oppskyting på rifle dersom du har nok treningsskot.
Ta med
Alt utstyr du treng til overnatting, kle, fiskeutstyr om du har, kniv, turbestikk, snacks og eige drikke. Ta med eigne våpen. Det er også mogeleg å låne våpen. Gje beskjed om dette ved påmelding og ta kontakt ved oss på førehand.
Medlemer i eit lokallag i NJFF kan delta heilt gratis! Dei som ikkje er medlemer betaler kr. 995. Dette inkluderer alle måltid, ammunisjon, fiskekort og bomvegavgift. Vil du ta skyteprøva for storvilt betaler du det Eid jff har som gebyr.
Kontaktperson:
Marit Frislid, kvinnekontakt i Eid jfl.
marit.frislid@gmail.com, Tlf. 98690386