Friluftsleir for ungdom 2026

  • Fra:
    05.06.2026 kl. 19.00
  • Til:
    07.06.2026 kl. 14.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Nesholmen, Hyen
  • Pris:
    Medl: 500,- / Ikke medl: 1100,-
  • Påmeldingsfrist:
    01.05.2026
  • Arrangør:

English version in the bottom of this page
 

Friluftsleir 5.-7. juni på Nesholmen i Hyen.  
For ungdom i alderen 11 - 15 år, ope for både medlemer og andre.
Påmeldingsfrist 01.05.2026. Maks 80 deltakarar. NB! Leiren blir som oftast fullbooka, så ver tidleg ute. 

Deltakaravgift kr 500 for medlemer i Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Deltakaravgift kr. 1100 for ikkje-medlemer.
Det er deltakar sjølv som må vere medlem, anten som familiemedlem eller barne- og ungdomsmedlem. Eit barne- og ungdomsmedlemskap kostar i mange lokallag kr 340 uten bladet Jakt og Fiske og kr 480 med bladet. Eit familiemedlemskap lønner seg dersom man er 2 vaksne og minimum 1 barn som er medlem. 
Her kan du melde deg inn: Bli medlem
I nokre tilfeller kan deltakaravgifta vere eit hinder for deltaking, ta i såfall kontakt med NJFF ved Reidun, sognogfjordane@njff.no / 97076702, så ordnar vi det. 

Arrangørar: Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl, Flora jff og NJFF Sogn og Fjordane 

 

På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, fjelltur, matlaging over bål, kanopadling, SUP-brett, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil.
Laurdag vert delt i fire grupper;
1) Skytegruppa reiser til skytebane for skyting med hagle, rifle og salong.
2) Fiskegruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske. Dei har også mat på bål. 
3) Laksefiskegruppa reiser til lakseelv (Nausta?) og får prøve seg på laksefiske. Laksefiskegruppa har aldersgrense, du må fylle 14 år i 2026 eller vere eldre for å vere med her. 
4) Fjelltur-gruppa. Ny av året! Tur til Storevasshaugen, når vi kjem fram, grillar vi. 

Utstyr du må ha for å kunne vere med på leiren: Sovepose, liggeunderlag og kle.
Du kan ta med eige fisketutstyr om du vil, veldig viktig at du aldri legg fiskestenger på bakken, her er mange deltakarar og fort gjort å trakke på det som ligg på bakken.
Vi lånar ut fiskeutstyr og anna utstyr til aktivitetane. 

Informasjonsbrev til deltakarane vil bli sendt ut på e-post, men vil også bli lagt inn her. 
Førebels brev til deltakarane 2026: Brev til deltakarar 2026

 

 

PROGRAM 2026 (kan bli endringar) :

 

ALLE AKTIVITETAR ER VALFRIE, MED UNNTAK AV MÅLTID OG FELLESSAMLING

 

Fredag

Kl 18.30-19.00  Oppmøte, etablering av leir  
Kl 20.00                     Lynkurs vestbruk og henge opp. Fellessamling og middag  
kl 20.30                     Fiskekonkurransen startar, NB! Ikkje lov å gå i båt / kano før kl 20.30. 

Fiske, kanopadling, ballspel, bålkos  
Dei som skal på laksefiske trenar på flugekasting 

Kl 23.00  Alle kanoar og båtar må vere på land  
Kl 23.00  Nattmat  
Kl 24.00  Ro i leiren, alle skal vere i telta 

 

Laurdag

 
Kl 08.00 - 09.00  Fellessamling og frukost. Ikkje lov å gå i kano / båt før kl 10.00 
Kl 10.00 –  ca. 16.00   Delast i 4 grupper: 

Gruppe 1:  Skytegruppa reiser til Grovastøylen  eller Aa-bakkane 

Gruppe 2:        Fiske, flugebitting, kano/SUP, bading. Mat på bål. På Nesholmen. 

Gruppe 3:        Reiser til elv for laksefiske (Nausta?) 

Gruppe 4:        Fjelltur til Storevasshaugen, med grilling 

Kl 13.00 -14.00          Lunsj. På Nesholmen: Alle båtar og kanoar på land kl 13 – 14.  
Kl 17.00                     Fiske, bading, kanopadling, båt, ballspel mm  
Kl 18.00                     Middag. Alle kanoar og båtar på land kl 18.00 - 19.00  
Kl 19.00                     Kanokonkurranse  
Kl 20.30  Fotballkamp: vaksne mot deltakarar  
Kl 21.00                     Alle kanoar og båtar skal vere på land for kvelden 

Båtar med vaksne frå fiskegruppa og deltakarar kan vere på vatnet mellom kl 21-24  

kl 22.00                       Kahoot inne 
Kl 23.00  Nattmat.   
Kl 24.00  Ro i leiren, alle skal vere i telta 

 

Søndag

Kl 08.30 - 09.30         Fellessamling og frukost. Ikkje lov å gå i kano/ båt før kl 10, men du må ha rydda leir og pakka ned teltet og sakene dine før du går i kano/båt.  
Kl 09.30                    Rydding og riving av leiren  
Kl 10.30 -                  Flåing av småvilt, pelsing, feller og fangst.  
                                  Fiske, padling etc. 

Kl 11.45                     Avslutning av fiskekonkurransen  
Kl 12.00                     Premieutdeling: fiskekonkurranse - kanokonkurranse - kahoot  
Kl 12:30                     Lunsj. Alle kanoar og båtar skal på land for dagen 
Kl 14.00                     Heimreise 

 

Alle aktivitetar er valfrie! Du vel sjølv det du ynskjer å gjere. Forbehold om endringar. 

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

 

 

Outdoor camp June 5-7 at Nesholmen in Hyen.  
For youth aged 11 - 15, open to both members and others.
Registration deadline May 1, 2026. Max 80 participants. NB! The camp is usually fully booked, so register early. 
Participation fee NOK 500 for members of the Norwegian Hunters and Anglers Association.
Participation fee NOK 1100 for non-members.
At the camp there are optional activities such as shooting, trapping, fishing, net fishing, hiking, 
cooking over a campfire, canoeing, SUP boarding, swimming, camp life and campfire fun and more. 
You join in on what you want.
Saturday is divided into four groups;
1) The shooting group travels to the shooting range for shotgun, rifle and saloon shooting.
2) The fishing group is back on Nesholmen and fishes, fly tying, casts with a fly rod, gets training in fishing. 
They also have food on the campfire.
3) The salmon fishing group travels to the salmon river (Nausta?) and gets to try salmon fishing. The salmon fishing 
group has an age limit, you must be 14 years old in 2026 or older to join here.
4) The mountain hiking group. New this year! Trip to Storevasshaugen, when we arrive, we will have a barbecue.

Equipment you need to join the camp: Sleeping bag, sleeping mat and clothes.
You can bring your own fishing equipment if you want, it is very important that you never put fishing rods on the ground, 
there are many participants here and it is easy to pull on what is lying on the ground.
We lend fishing equipment and other equipment for the activities.

 

Legg i kalender
KONTAKT

Jan Erik Bjørnsen Søreide

Tlf: 48161725

Del: