Hjortejakt for jenter 2026

  • Fra:
    18.09.2026 kl. 18.00
  • Til:
    20.09.2026 kl. 14.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Naustdal
  • Pris:
    Medl: 2750,- / Ikke medl: 3750,-
  • Påmeldingsfrist:
    01.09.2026
  • Arrangør:

Naustdal jfl og NJFF Sogn og Fjordane inviterer på nytt til ei heil helg med hjortejakt på Øvre Kalland i Naustdal, der vi saman med jaktlaget skal prøve ulike typar jakt. Vi møter opp alt fredag ettermiddag- så her må du berre setje av helga! Det vert mogeleg å prøve tidleg morgonjakt, postering og drev. Både ferske jegerar og meir erfarne damer kan vere med.

Fredag skal vi installere oss på garden til Liv Unni Årdal, som er ein erfaren jeger og jaktleiar, ein super kokk, har selskapslokale og plass til overnatting. Vi skal bli litt kjent med jaktterrenget, få informasjon om organisering av jakta laurdag morgon, bli kjent og lage god kvelds saman.

Laurdag vert det morgonjakt og 1-2 drev, og får vi hjort er vi med på slakting, flåing m.m. Det vert god middag om kvelden. Søndag vert det morgonjakt og 1 drev. Eventuelt opplæring i partering. Vi avsluttar etter ein god lunsj.

Overnatting, jakt og alle måltid er inkludert i prisen. Kr. 2750 for medlemer. Kr. 3750 for ikkje-medlemer. Eventuelt kjøt må ein betale for. Dette kan avtalast når det nærmar seg.

Alle må huske våpenkort, vise avlagt storviltprøve og betalt jegeravgift.

Har du spørsmål ta kontakt: Torunn Rygg, 90565227 torunnrygg@hotmail.com

Påmeldingsfrist: 1.september

Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane – Jenteutvalet i samarbeid med Naustdal jfl.

Tips! Er du medlem i eit lokalt jakt- og fiskelag og/eller har eit verv i laget? Høyr gjerne med lokallaget om dei kan sponse litt av deltakaravgifta. Jenter, jakt og fiske er eit satsingsområde i NJFF!

 

Foto: Torunn Rygg. Hjortejakt for damer i 2025. 

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Torunn Rygg

Tlf: 90565227

Del: