NJFF Sogn og Fjordane inviterer til anleggsprøve/nybyrjarsamling for ståande fuglehundar 14 februar 2026.
Dette er eit arrangement for deg som er i ferd med, vurderer, eller nyleg har skaffa deg ståande fugehund – og som ønskjer å finne ut korleis det er å delta på fuglehundprøver.
Samlinga passar òg for deg som ønskjer meir erfaring før du prøver deg på jaktprøver.
Dette er ei perfekt førebuing til klubbmeisterskapet som finn stad dagen etter (15 feb.)
Link til påmelding klubbmeisterskap:https://www.njff.no/sogn-og-fjordane/aktivitetskalender/klubbmeisterskap-2026
Samlinga vert utandørs. Kle deg godt – både du og hunden må vere budde på vinterveret. Du må ha med ski (evt. truger), samt mat og drikke til deg og hund.
Oppmøte ved bommen på Gaularfjellet kl 10.00.
(Google Maps: Langestølen https://maps.app.goo.gl/rnUSsBjgFtofQqtn6)
Merk at vegen er vinterstengd, og de kan ikkje køyre fram frå Balestrand-sida.
Påmeldingsfrist 12. februar
Vi gler oss til ein kjekk og sosial dag!
Dersom du har spørsmål, kontakt underteikna
Adele Haaland Hilding
e-post: Adelekhp@gmail.com, tlf: 97075874
Tilbakebetaling av deltakeravgift
Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.