Rypejakt for damer 2024

  • Fra:
    04.10.2024 kl. 18.00
  • Til:
    06.10.2024 kl. 17.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Aurlandsdalen
  • Pris:
    Medl: 1800,- / Ikke medl: 2600,-
  • Påmeldingsfrist:
    04.09.2024
  • Arrangør:

Rypejakt for damer, Aurland 2024

 

Bli med på småviltjakt i Aurlandsdalen mellom Aurland og Hol, 4-6 oktober. Jenteutvalet i NJFF Sogn og fjordane inviterer saman med Aurland jakt- og fiskelag til rypejakt med utgangspunkt frå Steinbergdalshytta. Prisen er inkludert overnatting på 4-6-mannsrom, frukost, niste og middag, samt jaktkort. Dersom ein ynskjer overnatting på eige rom, kan ein ta kontakt med Solveig på Steinbergdalshytta. (Ev. mellomlegg betalar ein då sjølv).

Steinbergdalshytta er ei turisthytte med lange og stolte tradisjonar som overnattingsstad for skituristar og fotturistar. Det er rikeleg med overnattingsplassar og dei serverer god mat! Aurland fjellstyre er godt kjent i området, og vert med som kjentmann/guide.

Oppmøte vert på Steinbergdalshytta fredag i 18-tida.

Påmeldingsavgift: Medlem 1800,- Ikkje medlem 2600,-

Ta med gode klede til været som er meldt, jaktstøvlar, termos, sengeklede, sekk, hagle og ammunisjon, samt gyldig jegeravgiftskort.

 

Påmeldingsfrist 4. september.

Kontaktperson Marte Bergum Hansen, tlf. 47414479

https://www.aurland-fjellstyre.no/aktuelt/g2oa0npsxvm26d00uk3oe3pus2z1mu

Artikkel frå førre gong det vart arrangert rypejakt i same området.

 

Arr. Jenteutvalet, NJFF Sogn og Fjordane i samarbeid med Aurland jakt- og fiskelag

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Marte Bergum Hansen

Tlf: 47414479

Del: