NJFF Sogn og Fjordane inviterer 2 frå kvart lokallag til å delta på samling for dei som er ansvarlege for laget sitt barne- og ungdomsarbeid. Lokallaget kan melde på fleire, men må då betale full pris for nummer 3 og fleire. Ta kontakt om de vil melde på fleire.
Vi håpar dette vil bli ei flott inspirasjonssamling og ein god møtearena for dei som driv med barne- og ungdomsarbeid i lokallaga i Sogn og Fjordane!
Program:
Fredag 17.04
Kl.18.00 Oppmøte og utdeling av rom.
Kl.19.00 Mat og drikke. Inspirasjon og smaksoppleving med lokale råvarar.
Kl. 21.00 Sosial mingling.
Laurdag 18.04
Kl. 08.00-09.00 Felles frukost
Kl. 09.00-11.30 Fellessamling på møterom.
Tema for gjennomgang: Aktiviteter for barn og unge rundt om i lokallaga. Til felles informasjon og inspirasjon.
- Kva har fungert godt og ført til faste tradisjonar i lokallaga?
- Er aktivitetsnivået tilpassa dagens samfunn? Kva ønsker vi meir eller mindre av?
- Kva kunnskapsnivå/erfaring har barn og unge om natur, fiske og fangst idag? Tilstrekkeleg eller manglande? Kva er årsak og konsekvens?
- Fordelar med tettare samarbeid og dialog mellom lokallag.
Kl. 11.30-12.00 Felles lunsj
Kl. 12.00 Heimreise
Foto: Jan Bjarte Skrøppa. Fjelltur i Nordfjord.
Tilbakebetaling av deltakeravgift
Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.