Treningsområde for fuglehundar på Gaularfjellet
I tidsrommet 15.10.2025 - 31.03.2026
NB!Stengd for trening i veke 7- 8 (09.02.26 – 22.02.26)
Det er jaktforbod på Gaularfjellet. Området er KUN for trening.
Sesongkort kjøper du her.
Dagskort kjøper du her: https://pamelding.njff.no/booking/#/dagskortfuglehundgaularfjell24251_1760543841
Ta vare på stadfestinga som du får på sms og e-post, denne må du ta med deg når du trenar.
Dagskort må kjøpast seinast dagen før ein skal trene. Systemet tillet ikkje kjøp same dag.
Ved manglande betaling av treningsavgift og andre regelbrot, gjeld utestenging frå fuglehundutvalet sine tilbod, inkl. Gaularfjellprøven. Utover dette, viser vi til lovverket.
Det vert solgt dagskort og sesongkort.
Klubbar kan om det er ledig, leige området for arrangement. Til organiserte arrangement kan ein ikkje kjøpe dagskort istadenfor leige til arrangement. Ta kontakt med leiar i fuglehundutvalet om de vil leige. Minstepris er kr 3.000 og gjeld for inntil 2 dagar. Kr. 1500 per dag utover 2 dagar. Dersom deltakarar på arrangement trenar utover arrangementsdagane, må ein kjøpe treningskort.
Kart over treningsområdet:
Kart treningsområde Gaularfjellet
Det er viktig at alle hundeeigarar ryddar opp etter seg i terrenget og brukar trekasser som er sett ut for hundeposar. Hundeskit i spor og på/ved parkeringsplassen må plukkast opp og leggast i trekassa.
Vi har lagt opp til stor grad av tillit i bruken av terrenget, og ber difor brukarane om å lese spesielt nøye bruk og betalingsrutiner. Desse er å finne ved informasjonstavle ca. 200 m. vest for Langestølen.
Langestølen / Torsnesstølen er ein del av eit forvaltningsprosjekt i regi av Fuglehundutvalet NJFF- Sogn og Fjordane. Vi driv aktiv predatorkontoll, med fangst av mår, og årleg taksering av rype/skogsfuglbestanden i terrenget.
Dersom du er interessert i å delta i fellerøkting, ta kontakt.
Kontaktperson for treningsområdet: Adele Haaland Hilding, 97075874, adelekhp@gmail.com