Sesongkort Gaularfjellet 2026-2027

  • Fra:
    19.03.2027 kl. 00.00
  • Til:
    19.03.2027 kl. 23.59
  • Varighet:
    24 timer
  • Sted:
    Gaularfjell
  • Pris:
    Medl: 800,- / Ikke medl: 2000,-
  • Påmeldingsfrist:
    29.03.2027
  • Arrangør:

Treningsområde for fuglehundar på Gaularfjellet

Treningsperioden er frå 15.10.2026 - 19.03.2027

Viktig informasjon

  • Det er stengt for trening i veke 7- 8 (15.02.27 – 28.02.27) pga fuglehundprøve.
  • I 2027 kjem påska seint i mars, det er stengt i påske etter avtale med grunneigarane. Siste treningsdag blir difor fredag 19.03.2027.
  • Det er jaktforbod på Gaularfjellet. Området er KUN for trening.

Ta vare på stadfestinga som du får på sms og e-post, denne må du ta med deg når du trenar. 
(Ved kjøp av sesongkort står det datoar i slutten av sesongen, dette fordi ein skal kunne kjøpe sesongkort heile sesongen, systemet tillét ikkje kjøp når aktiviteten har starta.)

Ved manglande betaling av treningsavgift eller andre regelbrot kan det føre til utestenging frå Fuglehundutvalet sine tilbod, inkludert Gaularfjellprøven. Utover dette viser vi til gjeldande lovverk.

Leige av treningsområdet

Klubbar kan, dersom det er ledig, leige området til arrangement.

Ta kontakt med underteikna dersom de ønskjer å leige området.

Pris:

  • Kr 3 000 for inntil 2 dagar
  • Kr 1 500 per dag utover 2 dagar

Dersom deltakarar på arrangement ønskjer å trene i området utover arrangementsdagane, må dei kjøpe ordinært treningskort.

 

Kart over treningsområdet: 
Kart treningsområde Gaularfjellet
​

Ta vare på området

Det er viktig at alle hundeeigarar ryddar opp etter seg i terrenget.

Hundeskit i spor og på eller ved parkeringsplassen skal plukkast opp og leggjast i dei trekassene som er sette ut for hundeposar.

Vi har lagt opp til stor grad av tillit i bruken av terrenget, og ber difor alle brukarar om å lese nøye gjennom reglane for bruk av området og betalingsrutinane.

Reglane finn du på informasjonstavla om lag 200 meter vest for Langestølen.

 

Forvaltningsprosjekt

Langestølen/Torsnesstølen er ein del av eit forvaltningsprosjekt i regi av Fuglehundutvalet i NJFF Sogn og Fjordane.

Vi driv aktiv predatorkontroll, mellom anna med fangst av mår, og gjennomfører årleg taksering av rype- og skogsfuglbestanden i terrenget.

Dersom du er interessert i å delta i fellerøkting, er du velkomen til å ta kontakt.

Kontakt

Kontaktperson for treningsområdet:
Adele Haaland Hilding
Telefon: 970 75 874
E-post: adelekhp@gmail.com

Legg i kalender
KONTAKT

Adele Haaland Hilding

Tlf: 97075874

Del: