Ettersøksutvalet i NJFF Sogn og Fjordane i samarbeid med Flora JFF inviterer alle ettersøksjegere i regionen til skytedag på Grovastøylen, Florø laurdag 28 mars 2026 – kl 13.00-tidspunktet kan bli seinare viss få påmeldte.
Samlinga er også ope for deg som er følgeskyttar/postskyttar for ettersøksekvipasje.
Du vil få trening på raske skot, og det vert skyting på dyrefigurar på forskjellige avstandar. Vi legg opp til ein jaktsti med vendeblinkar, og på kvelden vert det mørkeskyting med hovud-/riflelykt. Knallgod trening med andre ord!
Mellom skytinga i dagslys og mørkeskytinga vert det middag og sosial samling i skyttarlagshuset med gode moglegheiter til erfaringsutveksling.
Det vert høve til å overnatte på området (campingvogn, bubil, telt) for dei som ønsker det.
Påmelding må vi ha innan 20. Mars. Påmeldinga er bindande. Deltakaravgifta inkluderer middag.
Medlem i NJFF: 800,- Ikkje medlem i NJFF: 1000,-
Ta med våpen, våpenkort, rikeleg med treningsammunisjon (ca 50 skot), hodelykt/riflelykt, hørselvern, kle og sko etter været.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Ettersøksutvalet v/Ann Kristin Gaare på e-post