Bjarne Huseklepp er gått bort

Publisert: 15. desember 2023 kl. 10.58

Sist oppdatert: 15. desember 2023 kl. 09.49

Bjarne Huseklepp døydde natt til torsdag 14. desember. Bjarne fekk påvist uheldbredeleg kreft for seks og eit halvt år sidan. Ein stå-på-vilje og eit mot som dei færraste kan skilte med, gjorde at han overlevde kreften mykje mykje lenger enn legane sa han kunne. 

Bjarne Huseklepp var ein bauta. På mange måtar.
I Norges Jeger- og Fiskerforbund er han godt kjent blant mange tillisvalde, medlemer og ansatte som ein heidersmann. På landsmøtet i 2015 vart han heidra som æresmedlem i NJFF, den gong som ein av fem æresmedlemer på landsbasis.

Bjarne har lang fartstid i NJFF. 
Han starta med lokalt tillitsverv i Hyllestad i 1985, noko som han hadde heilt til 2015. I den perioden hadde han hatt ulike verv; leiar, kasserar, sekretær, skulekontakt og studieleiar. 

På fylke/regionnivå starta han som MIK (Miljøvern i kommunane)- instruktør i 1989 til 2004. Han var fylkesinstruktør i jegerprøva frå 1995 til 2014. I 2008 vart han Fylkesinstruktør organisasjon, eit verv han hadde heilt til det siste. 
Han var også innom fylkesstyret som nestleiar / sekretær.

Bjarne satt som styremedlem i det sentrale forbundstyret i NJFF i heile 18 år, med start i 1987. 

Bjarne hadde eit brennande engasjement for at barn og ungdom skulle ha gode opplevingar med friluftsliv, både i sitt yrkesaktive liv og på fritida si. 
Han var initiativtakar til mange gode satsingar på dette feltet i Jeger- og Fiskerforbundet: 
- Fritak for fiskeravgift etter innlandsfisk for personar under 16 år
- Etablering av Fiskeklubben 
- Etablering av jakt- og fiskeskular
- Utarbeide strategisk plan for satsning på sportsfiske i NJFF
- Etablering av Friluftsliv for barn og unge

Sistnemde var sak på førre landsmøte, ei sak som Bjarne stod bak. Sogn og Fjordane har vore pilot på dette prosjektet, og Bjarne sat i styringsgruppa heilt til det siste, og har vore primus motor heile vegen. 

Bjarne Huseklepp har ikkje berre vore engasjert i NJFF, men også i grunneigarlag, driftsplanarbeid i Guddals- og Bøfjordvassdraget, sau- og geitalslag, Guddal Nærbutikk, Utdanningsforbundet og medlem i KLV si referansegruppe for laksevassdrag. Som forbundstyremedlem i NJFF var han også med i Nordisk Sportsfiskerunion- og Jegersamvirke sitt ungdomsråd.

 

Bjarne har vore ei inspirasjonskjelde for mange. Han hadde så stor lidenskap og engasjement for det han dreiv med, det var vanskeleg å ikkje sjølv bli dratt med!

 

Bjarne har sett djupe spor etter seg vil bli sårt sakna i Norges Jeger- og Fiskerforbund og vi lyser fred over minnet hans. 

Bjarne huseklepp (2).jpg
Bjarne på landsmøte i NJFF