
Landsmøte 2021 vel overstått
Fleire gode saker frå Sogn og Fjordane nådde igjennom på landsmøte i NJFF.
Publisert: 18. november 2021 kl. 11.06
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) har nyleg avholdt landsmøte. Det var store utskiftingar i leiinga og Alf Erik Røyrvik som tidlegare har vore vara til styret, vart einstemmig valgt inn som medlem i forbundsstyret. Røyrvik er utdanna innan naturforvaltning og er busett i Gloppen. Knut Arne Gjems frå Hedmark fekk fornya tillit som leiar. Bjarne Huseklepp frå Guddal har vore med i den sentrale valkomiteen og vart vald for 3 nye år der.
Det var eit landsmøte med svært mange saker ein skulle gjennom, og til tross for eit stort engasjement så vart møtet gjennomført med ein veldig god tone i alle saker. Det er gjort ein del vedtak som er svært aktuelle for lokallaga, og det vil bli sendt ut eit foreningsskriv førstkomande mandag om desse.
Barn og unge i fokus
NJFF har i mange år hatt tiltak for å rekruttere barn og unge til naturen og friluftslivet. NJFF Sogn og Fjordane fekk tidlegare inn jakt- og fiskeskular som eit tiltak, no ønskte fylkeslaget å vidareutvikle dette arbeidet og fylkeslaget meldte inn dette som landsmøtesak. Landsmøtet vedtok at organisasjonen skal legge til rette for etablering av samarbeid mellom organisasjonar på lokalt plan om friluftsskular eller andre regelmessige tilbod om aktivitetar for barn og unge. NJFF skal også ha fokus på lokale- og kontinuerlege tilbod. Dette blir eit viktig arbeid framover, saman vil dei som tilbyr friluftsaktivitetar stå sterkt og gje eit godt og regelmessig tilbod til barn og unge.
Meir opplæring på feller og fangst
NJFF Sogn og Fjordane har sakna betre opplæring ved fellefangst og sendt ei sak på det. Landsmøtet vedtok at NJFF skal bidra til auka kunnskap, samt jobbe for at jegerprøveopplæringa skal inneha ein obligatorisk del med praktisk bruk av fangstreiskapar.
Betre bestandsovervaking og kvotesetjing av kystsel
Fylkeslaga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal sendte inn ei felles sak om selforvaltning. Bestandsovervakinga har lenge vore for dårleg, og det har også resultert i for låge kvotar. Landsmøtet vedtok at NJFF skal etablere betre dialog med myndigheiter og forsking, arbeide for å etablere ein ny bestandsovervaking og at kvotane blir meir i samsvar med tala frå bestandsovervakinga.
Fylkessamanslåingar skapte stor debatt
Eit tema som skapte mykje debatt var om NJFF sine fylkeslag skulle følgje dei offentlege fylkesgrensene. Landsmøtet vedtok til slutt med over 2/3 fleirtal å endre vedtektene slik at fylkeslaga skulle bestå som dei gjorde per 31.12.2017 og dei som ønska det, kan slå seg i hop frivillig og følgje offentlege fylkesgrenser. Fylkeslaga vert då regionslag i staden for.
Resolusjon om naturtap og krav om lukka lakseoppdrett
Landsmøtet meiner tap av natur er ei utfordring som må løysast parallelt med klimautfordringane, naturmangfaldet har aldri før vore så truga som det er i dag. Strandsona må sikrast, nasjonale rammer for å styre utviklinga av hyttebygging må innførast, nei til vidare utbygging av landbasert vindkraft, regjeringa må prioritere god forvaltning og auka restaureringsinnsats i kystbekker og innlandsvassdrag og regjeringa må prioritere å gjenopprette den økologiske tilstanden i Oslofjorden.
Landsmøtet sendte også ut ein resolusjon om at landsmøtet krev at regjeringa tar eit sterkare grep om rammene for oppdrettsnæringa. All vidare vekst, både nye og utvidingar, må skje med bruk av lukka teknologi allereie frå 2022. I tillegg må det skje ein overgang til lukka løysingar for alle eksisterande oppdrettsanlegg innan 2030.