Nytt styre i NJFF Sogn og Fjordane

Publisert: 29. mars 2025 kl. 21.08

Sist oppdatert: 07. mai 2025 kl. 14.20

NJFF Sogn og Fjordane hadde årsmøte og tillitsvalgtsamling i helga. 
27 røysteføre delegatar og 4 gjester møtte. Lokallaga som var presentert på årsmøtet var Aurland jfl, Balestrand jfl, Eid jfl, Flora jff, Førde jfl, Gaular jfl, Gloppen jfl, Hyen jfl , Hyllestad jfl, Jølster jff, Leikanger jfl og Stryn jfl. Veldig gledeleg at så mange lokallag møtte!


Nytt styre
Fagansvarleg fisk Jøran Henriksen og vara Henning Haugholt hadde sagt frå seg attval. Valnemnda hadde innstilt Jon Fossheim frå Gloppen jfl som ny fagansvarleg fisk og Ingrid Leknes Nygård frå Førde jfl som ny vara, og desse vart einstemmig valgt inn på årsmøtet. Dei andre styremedlemene vart attvald. 

Leiar: Håkon Huseklepp, Førde jfl 
Nestleiar: Terje Stavø Johansen, Flora jff
Økonomiansvarleg: Renate Dahl Gjelsvik, Førde jfl 
Kvinnekontakt: Torunn, Rygg, Førde jfl
Barne- og ungdomsansvarleg: Jan Erik Søreide, Hyllestad jfl 
Fagansvarleg Fisk: Jon Fossheim, Gloppen jfl 
Fagansvarleg vilt: Bjørnar Eikenes, Gloppen jfl
1. vara: Ingrid Leknes Nygård, Førde jfl 
2. vara: Frode Ølmheim, Leikanger jfl 


Sosial samankomst, erfaringsutveksling og jakt- og fiskeglede

Leiar og nestleiar losa forsamlinga stødig gjennom årsmøtet, etterfulgt av ein engasjert Runar Høgfoss frå Høgfoss og Fallan jaktfilmer som viste mange fine og morosame videoklipp. Kvelden vart avslutta med middag og sosialt.
Laurdag starta med nytt frå NJFF ved forbundsstyremedlem Alf Erik Røyrvik. 
Susanne Lillestøl Paulsen frå Gaular jfl fortalde om reetableringa av Gaular jfl som dei held på med, og Jan Erik Bjørnsen Søreide og Henning Skjalg Fureli fortalde om erfaringar frå Hyllestad jfl. 
Deltakarane vart så delt i grupper der dei diskuterte seg fram til utfordringar og løysingar for å arrangere aktivitetar i lokallaga, desse vart presentert og diskutert etterpå. 

Dagen avslutta med Friluftslivets år, først eit innlegg frå psykolog Per Steinar Melås som snakka om jakt, fiske og friluftsliv og psykisk helse. Sigrid Henjum avslutta dagen med tips til turmat og mat på bål. 

Det var engasjerande og motiverande forelesarar, vi ynskjer å takke alle saman, også til deltakarane som gjorde samlinga til ein hyggeleg samankomst!

styret, utvalsleiarar og regionsekretær takk a for sin innsats på årsmøtet
 Oppe til venstre: Alf Erik Røyrvik- leiar i valnemnda/representant frå forbundsstyret/medlem i jaktutvalet i regionlaget, Ann Kristin Gaare - leiar i ettersøksutvalet, Bjørnar Eikenes - fagansvarleg fisk i styret, Jan Erik Bjørnsen Søreide - ungdomsansvarleg i styret, Bente Troye - leiar i jaktskyttarutvalet, Håkon Huseklepp - regionleiar i styret, Reidun Solberg Seim - tilsett regionsekretær. Nede frå venstre: Terje Stavø Johansen - nestleiar og sekretær i styret, Frode Ølmheim - vara i styret, Renate Dahl Gjelsvik - kasserar i styret og Torunn Rygg - kvinnekontakt i styret. 
 
Det nye styret i NJFF Sogn og Fjordane_manglar Ingrid Leknes Nygård
Styremedlemene i det nye styret. Ingrid Leknes Nygård var ikkje til stade. 
 
Susanne Paulsen frå Gaular jfl
Susanne Paulsen frå Gaular jfl fortel om erfaringar frå Gaular jfl
 
Gaular jfl og Hyllestad jfl
Susanne Paulsen - Gaular jfl, Henning Skjalg Fureli - Hyllestad jfl, Jan Erik Bjørnsen Søreide - Hyllestad jfl (og styremedlem i regionstyret) 
 
Hyllestad jfl
Jan Erik Bjørnsen Søreide og Henning Skjalg Fureli fortel om erfaringar frå Hyllestad jfl 
 
Høgfoss og Fallan Jaktfilmer
Runar Høgfoss frå Høgfoss og Fallan Jaktfilmer viste filmar frå jakt
 
Sigrid Henjum
Sigrid Henjum snakka om utemat 
 
Utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
nytt fra njff
Alf Erik Røyrvik frå forbundsstyret fortalde om nytt frå NJFF