
Prosjektleiar tilsett
prosjektet Friluftsliv for barn og unge har fått prosjektleiar
Publisert: 27. februar 2023 kl. 10.21
Sist oppdatert: 27. februar 2023 kl. 20.25
Are Gunnar Korsvoll startar i stillinga som prosjektleiar for Friluftsliv for barn og unge 1. mars. Stillinga er 50% og Are som sjølv er glad i friluftsliv, gler seg til å ta fatt.
Kva er Friluftsliv for barn og unge?
Friviljuge organisasjonar i Sogn og Fjordane går saman om å tilby barn og unge ulike fritidsaktivitetar - gratis!
BAKGRUNN/FAKTA:
- Initiativtakar til prosjektet er organisasjonsutviklar Bjarne Huseklepp, Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Sogn og Fjordane
- NJFF vedtok å satse på prosjektet på Landsmøtet i 2021
- Fleire friviljuge organisasjonar har slutta seg til prosjektet – oppstart i 2023
- Idrett- og andre kulturelle aktivitetar har i dag godt organiserte tilbod med regelmessig aktivitet gjennom året. Friluftsliv er ikkje så godt organisert
- Jakt, fiske og friluftsliv er kunnskapsbasert
- Vi må bruke den kunnskapen som vi veit fungerer, for å skape varige friluftsinteresser og gode meistringsopplevingar ute
- Vi må tilpasse aktiviteten til lokale forhold
- Barn lærer gjennom aktivitetar og opplevingar dei deltek i. Tidleg introduksjon til gode friluftsopplevingar er viktig
- For å skape varige interesser, er gjentaking av gode opplevingar nøkkelen
- Vi må tilpasse aktiviteten til lokale forhold
VISJON:
- Barn og unge skal ha tilgang til gode og varierte friluftslivsopplevingar i alle kommunar
MÅL:
- Kort sikt (2023): Realisere prosjektet i dei fire pilotkommunane
- Mellomlang sikt (2023-2025): Introdusere/realisere prosjektet i alle kommunar i Sogn og Fjordane
- Lang sikt (2024 – 2029): Realisere prosjektet i heile landet
MÅLSETTING:
- Barn og unge skal få gode og allsidige erfaringar ved å delta på fleire og meir varierte aktivitetar, i kvar kommune. Ein skal tilby eit tilbod med kvalitet, og som er berekraftig og som har god kvalitet
- Regelmessige aktivitetar over tid, med ein aktivitetskalender i kvar kommune
- Det enkelte lokallaget treng ikkje tilby fleire aktivitetar enn før oppstarten, men samarbeide med andre lokale organisasjonar om ein felles aktivitetsplan for friluftsliv
- Fokus på inkludering og integrering av nye innbyggarar
- Gratisprinsippet skal gjelde
- Folkehelseeffekt. Sunne interesser varer heile livet
- Lang sikt: Få fleire kommunar med. Kan kommunane overta koordineringsarbeidet?
ORGANISASJONAR SOM ER MED I PROSJEKTET SÅ LANGT:
- Forum for Natur og Friluftsliv (FNF)
- Den Norske Turistforening
- 4 H
- KFUK-KFUM
- Fjordane Friluftsråd
- Naturvernforbundet
- Norges Bondelag
- Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF)
- Når organisasjonane samarbeider, kan dei tilby fleire aktivitetar til unge utan at det vert meir arbeid på det enkelte lag
- Ingen verving, oppleving og læring er målet
VI SKAL EIGE PROSJEKTET SAMAN:
- Utarbeide felles årsplan/aktivitetsplan lokalt
- Prosjektleiarstillinga: Samordningsfunksjonen er viktig – Kommunalt kulturkontor/FNF på sikt?
- Friluftsliv for barn og unge vil alltid ha: Neste gong skal vi……
- Første driftsår: 2023
- Bruke Facebook til info og påmelding i 2023
- Gratisprinsippet – Prosjektet yter støtte til kvar aktivitet
- Vi må våge å tenke nytt undervegs og evaluere det vi gjere